fredag 19. februar 2010

Helg!

Heisann! :)
Då er det fredag igjen, kan ikkje tru at det er helg no igjen! Kvar blir tida av...?
Hmmm, jaja, har hatt ein fin dag, vaska hus har eg fått gjort, vaska to maskiner med klær, handla litt, laga middag og henta gutane i barnehagen. Idag stod det kylling med ris og aprikos-og peanøttsaus på menyen! :)
Sausen laga eg av ein pakke aprikos-kompott og eit par ss med peanøttsmør, og eit par ts sweet chilli-saus. Mosar det med stavmiksar for å få bort klumpane av aprikosen, og kokar det opp sjølsagt, treng ikkje koke so lenge...
Idag synest eg at gutane fortjente litt dessert også sidan det er helg, då serverte eg Piano sjokoladepudding og vaniljesaus! Det var godt! :)Solsikkebrød på 1-2-3
Det er ikkje kvar dag eg lagar heimelaga brød, men det skjer, sann innimellom, idag då eg var på butikken, kom eg over ein slik 1-2-3 mjølpose til solsikkebrød, dei står til etterheving akkurat for øyeblikket, so eg har berre bilde av deiga i bollen, synest dei ser litt mørke ut, men håpar dei blir gode! :) Idag då eg heldt på å rydde å vaske, knippsa eg litt med kameraet, skulla egentlig tatt bilde av kjøkkenet idag, det var der eg og vaskebøtta tilbringte mest tid idag, men julegardinene mine heng enda, so eg skal sjå om eg finn meg nye gardiner imorga, då skal eg legge ut bilder av kjøkkenet! :) Her kjem uansett bilder av gangen, den er litt smal og lang, men har blitt ganske koslig etter at vi nylig mala den og la nytt gulv! :)
Frå eine sida... Frå andre sida... ;)Ei knaggerekke som eg meinar eg har vist bilde av før, men for å vise at den høyrer til gangen, slenger eg med bilde av den igjen! :) Her i huset er alle hjertlig velkomne! :)

Ein koslig kalendar eg kjøpte på Kremmerhuset for ei tid tilbake! :)
Ellers tok eg meg ikkje tid til å blogge igår, so eg kan fortelle raskt om gårsdagen; gutane har fri frå barnehagen på torsdagane, so då har vi litt kvalitetstid! Vi Starta dagen med ein god frukost, og tok vegen ned til biblioteket, som sjølsagt då var stengt, hmmm, kva skulle vi finne på då...? Vi var liksom ikkje kledd for å vere ute på for eksempel leikeplass i minusgrader... Der fekk vi plutselig telefon frå ei venninde, ho og sonen på snart 4 år ville kome på besøk, å det passa perfekt! :) Gutane leika og kosa seg, og eg og ho kosa oss med kaffi og prat! :)
Då eg og ungane var å handla, såg eg at det var tilbud på røkt griseknoke, og då bestemte vi oss for å lage potetball, griseknoke, og rabbestappe og inviterte svigermor og svigerinda mi på middag, dei sa ja-takk, og kom å spiste saman med oss! Koslig! :)
No skal eg gå å setet brøda i ovnen, so skal eg kose meg på sofaen med strikket mitt, held på å strikke labbar som eg skal tove! :)
Ha ein super-duper fredagskveld! :)
Klem Sheila




1 kommentar:

Hege`s Cute N Cool Blogg sa...

Kjempeflotte bilder!! I like your style!! :o)) Stili m englevingen din...

Maten oxså så go ut...slik saus he ej aldri hørt om...flinke du!!! :o)

Ønske dej ei fin helg Sheila :o)))