onsdag 10. februar 2010

Storeguten min!

Heisann! :)
Ja, no har dagen komt, storeguten min har våre å skrive seg inn på skulen, til sommaren blir han 6 år, og er skulegut! Kan ikkje forstå at tida har gått so fort, kjennest ut som om det var i går, at eg som stolt mor for fyrste gong kom heim frå sjukehuset med denne vakre skapninga! ...samtidig føles det ut som han har våre med oss for alltid liksom! :)
Er so glad i han, og so stolt av han! :)
Her sit han og ventar spendt på å få kome inn til rektor på samtale!:)

Her sit storebror sammens med rektor og konsentrerar seg om nåkren reknestykke han har satt ihop! Skatten min var so flink! :)
Han fekk ei skrivebok og ein tofarga blyant med rektoren, og til og med litt lekse han skulle gjere! Det var stas det! :)

Hjørnet på speilet i stua, englevingane, og lysekrona i speilbildet var bryllaupsgåva til oss frå faren min! :)

Eg, storebror og lillemor har også våre på barselgruppe idag!
Vertinna hadde laga ei hærlig grønsakssuppe, med kvitløksbaguettar til! Mmmm! ...og til kaffi etterpå hadde ho laga ei nydelig eplekake med is til! :D
Vi er 7 voksne og 7 barn (5 gutar og 2 jenter), som prøvar å møtast ein gong i veka.
Før det lava ned "metervis" med snø, brukte vi denne dagen til å trille ein tur saman, og enda til slutt alltid med eit kafe`besøk, men no når det ikkje akkurat er det perfekte trilleveret, har vi møttes heime hos kvarandre, noko som har våre veldig kjekt, får god kontakt med foreldra til dei som blir like gammal som lissjemora! :) Det synest eg er kjekt! :)

Ha ein fin kveld, folkens!

Klem Sheila

Ingen kommentarer: