torsdag 25. august 2011

Sommarferien over...

Då har eg vell hatt sommarferie nok...

Både frå jobb, skule, barnehage og blogg! :)



Sidan både eg, lillemor og lillemann hadde fri idag, kosa vi oss heime, film, leik og masse kos! :) Baka brød gjorde vi også, det har blitt ein torsdags-ting sidan det er fridagen vår! :)

Storebror var ferdig på skule klokka ett, då gjekk vi han i møte og tok ein tur på leikeplassen saman med fleire gode venner! :) Hadde med oss niste, kjeks og kaffi! ...og litt bollar og skalkar til endene i parken! :)






Her ein ettermiddag vi fekk besøk av farfar og farmor, ville farfar prøve å få ut den lause tanna til storebror, han fekk knyte tau rundt tanna og drog litt i forskjellige retningar, og vipps...


...datt tanna ut! :)



Sidan sist innlegg har storebror byrja i 2. klasse!


Her står han stolt fyrste skuledag utanfor skulen sin! :) Tøffe kar! ...og eg er kjempestolt mor! :D



Resten av gjengen måtte sjølvsagt også bli med 2. klassingen vår på fyrste skuledag... :) Mangla berre pappsen som nyst var reist på sjøen!




No skal eg kose meg med is og Hotell Cæsar! :)


Ha ein fin kveld!


Sheila! :)