søndag 28. februar 2010

Goood morning!


God søndags morgen til alle sammen!

Alle samla rundt frukostbordet!Lillemann pressar juise!Våkna idag til eit hærlig søndagsver! Det er so deilig når sola skin frå skyfri himmel, blir so glad av det! Eg er nok av den sorten som blir ein smule versjuk, er det grått, vått å surt ver, er ikkje humøret mitt på topp, men skin sola derimot, og gjerne tørrt på veien, og varmt i lufta, ja då er eg glad som ei sol, då er det ikkje mykje som skal til for å glede sjela mi! :)

Blomstrane mine er like fine enda!:)

For å seie det mildt, so har dette våre ei innholdsrik helg, fredag stod eg opp tidlig for å levere ungane i bhg, for so å fare sjølv på "samtale" med sjefen, før eg skulle til frisøren. Etter å ha henta gutane i bhg, bar det heim, rydde å stelle litt til helga (huset var allerede vaska til eg skulle få besøk på torsdagen) Lage middag, og so fekk vi besøk av ei venninde og to små pier på kvelden, ungane kosa seg! :) I går, var vi invitert i to selskap, fyrst til eit tvillingpar som går i bhg, deretter til lissjesøstra mi som fylde 11 år, so tidlig på førmiddagen bar det til Vik for å handle inn heile 4 bursdagsgåver, for idag skal vi også nemlig feire dattera til ein kompis, ho blir 6 år! Eg og stemora til jenta laga bursdagskake til jenta i gårkveld, trur vi konkluderte med at vi vart nøgde med resultatet! :)

Vi skal feire dagen hennar idag på bowlingen, so det blir nok stas for ungane! :)


Ingen morgen utan radio her i huset, elskar å høyre på god musikk, nyheiter, å anna kos på radioen om morgenane!


Ha ein fortreffelig søndag alle sammen!

Klem Sheila!

torsdag 25. februar 2010

Kosedag!

Heisann!:)
Idag fekk eg besøk av to venninder eg ikkje har sett på lenge, ho eine bur i Oslo og har nettopp fått baby, ein skjønn liten gut! :) Ho andre bur her, og har også ein skjønn gut på litt over året! :) Vi skravla å kosa oss, eg hadde laga pastasalat og ei ostekake til dei skulle kome!
Dei var so skjønne å kom med kvar sin blomsterbukett til meg! :)
Kaka fekk fart på seg, og var oppeta før eg rakk å ta fram kameraet... ;) Men rakk å fotografere pastasalaten, restane av den iallefall... :)
Har våre ein fin dag! :) Hærlig ver har det også våre, gutane har hatt fri frå barnehagen, og hadde besøk av sonen til ei venninde, dei var ute på marka å leika seg, rann seg på akebrett, å naut sola! :)

Ha ein fin kveld vidare! :)

Klem Sheila











onsdag 24. februar 2010

Shopping!

Heisann! :)
Idag har eg igjenn vår på barseltreff, vekene flyg! Atter ein gong fekk vi servert nydelig mat, kaffi og kake, vi blir aldeles utskjemt! ;) ...men vi likar det! :) Har også hatt besøk av ei venninde og sonen hennar idag, vi spiste litt mat, og drakk kaffi, ungane leika og kosa seg! :)
I går tok eg og lillemor oss ein byatur mens gutane var i barnehagen, var på ein bruktbutikk, der fekk eg med meg heim dette skjønne service til 6 personar, synest det var sooo fint og romantisk! :) Det vart mitt for 40 kr.




Hmmm, måtte ta med dette bildet av ei juice-presse eg også fann på bruktbutikken, men fekk ikkje til å snu bildet uansett kva eg gjorde, so dokke får heller prøve å snu litt på hovudet, so ser dokke den... :) Den vart mi for heile 15 kr, gutane synest det var stas å presse si eiga juice til frukost idag! :) Smakte ekstra godt! :) Synest den var søt! :) Denne hylla kjøpte eg på Skeidar, har hatt ein liten vegg eg liksom ikkje heilt har klart å "dekorert", men no er det problemet løyst, denne hylla passa heilt perfekt der! :) ...sjølvsagt har eg "pynta" den me kleshengar, skilt, lysestakar, bilde av meg og husbonden, og ein kopp fra Wedgewood! :)
Denne oppslagstavla fann eg også på Skeidar, synest den gjorde seg i kjøkkenkroken! :) Morsdagskortet er frå storebroren! :)
Då får dokke ha ein kjempeflott onsdagskveld!
Klem Sheila

mandag 22. februar 2010

I akebakken!

Heisann! :)

For ein hærlig dag! Eg og ungane har vore ute store delar av dagen, det har vore sol frå skyfri himmel, kaldt, men vi var godt kledde! :) Gutane stooorkosa seg i akebakken, men etter ei stund trengte vi ei pause, då tok vi en tur til besta, der vi fekk varme oss, litt godt å ete å noko varmt å drikke! Men etter ei stund, bar det opp i bakken igjenn! :)
Storebror i farta! :)


Lillemann kosar seg! :)

Lillemor kosar seg i vogna! :)

Eg og lillemor sit å nyt sola! :)



Ha ein fin kvald alle sammen!



Klem Sheila




lørdag 20. februar 2010

Dagen i går! :)

Heisann! :)


Eg sa at eg skulle legge ut bilder av kjøkkenet når eg hadde fått bytta ut julegardinene, so her kjem det... :)

Her er julegardinene mine! :)

Her er dei nye gardinene som eg kjøpte på Prinsess i går! :)

Dette skjønne kakefatet med lokk fekk vi med tanta mi, onkelen min og søskenbarna mine i bryllaupsgåve! :)


Kaffiboks frå Ålens på Moa... Denne boka med kjendisanes beste kaker pg dessterar er veldig kjekk! :)

Knottane kjøpte eg på Skovly collection på nett... Skjønne, men ikkje so veldig praktiske, då klena heng seg fast på "knoppen" på blomsten! :(

Det e meint på husbonden min, han som er kokken når han er heime! :)
Eg har alltid tid til ein kopp te! ;)

I går fekk eg ei stooor trang på chips, hadde ikkje ete det på leeenge, har berre laga pizza, taco, lasagne osv osv i helgane som har vore, so i går laga eg biffsnadder med chips og krydderbernaise saus, og sjølvsagt salat til! Det var nydelig! :)

Ellers var eg so heldig å få besøk av nåkren gode venninder og kjærasten til den eine i går kveld, so fekk eg litt selskap på laurdagskvelden, dei skulle ha seg ein tur på hotellet, so rudte midnatt takka dei for seg, men då var eg rimelig klar for senga uansett, so... Det var kooos! :)

Ha ei fortreffelig helg alle sammen! :)

Klem Sheila!

fredag 19. februar 2010

Helg!

Heisann! :)
Då er det fredag igjen, kan ikkje tru at det er helg no igjen! Kvar blir tida av...?
Hmmm, jaja, har hatt ein fin dag, vaska hus har eg fått gjort, vaska to maskiner med klær, handla litt, laga middag og henta gutane i barnehagen. Idag stod det kylling med ris og aprikos-og peanøttsaus på menyen! :)
Sausen laga eg av ein pakke aprikos-kompott og eit par ss med peanøttsmør, og eit par ts sweet chilli-saus. Mosar det med stavmiksar for å få bort klumpane av aprikosen, og kokar det opp sjølsagt, treng ikkje koke so lenge...
Idag synest eg at gutane fortjente litt dessert også sidan det er helg, då serverte eg Piano sjokoladepudding og vaniljesaus! Det var godt! :)Solsikkebrød på 1-2-3
Det er ikkje kvar dag eg lagar heimelaga brød, men det skjer, sann innimellom, idag då eg var på butikken, kom eg over ein slik 1-2-3 mjølpose til solsikkebrød, dei står til etterheving akkurat for øyeblikket, so eg har berre bilde av deiga i bollen, synest dei ser litt mørke ut, men håpar dei blir gode! :) Idag då eg heldt på å rydde å vaske, knippsa eg litt med kameraet, skulla egentlig tatt bilde av kjøkkenet idag, det var der eg og vaskebøtta tilbringte mest tid idag, men julegardinene mine heng enda, so eg skal sjå om eg finn meg nye gardiner imorga, då skal eg legge ut bilder av kjøkkenet! :) Her kjem uansett bilder av gangen, den er litt smal og lang, men har blitt ganske koslig etter at vi nylig mala den og la nytt gulv! :)
Frå eine sida... Frå andre sida... ;)Ei knaggerekke som eg meinar eg har vist bilde av før, men for å vise at den høyrer til gangen, slenger eg med bilde av den igjen! :) Her i huset er alle hjertlig velkomne! :)

Ein koslig kalendar eg kjøpte på Kremmerhuset for ei tid tilbake! :)
Ellers tok eg meg ikkje tid til å blogge igår, so eg kan fortelle raskt om gårsdagen; gutane har fri frå barnehagen på torsdagane, so då har vi litt kvalitetstid! Vi Starta dagen med ein god frukost, og tok vegen ned til biblioteket, som sjølsagt då var stengt, hmmm, kva skulle vi finne på då...? Vi var liksom ikkje kledd for å vere ute på for eksempel leikeplass i minusgrader... Der fekk vi plutselig telefon frå ei venninde, ho og sonen på snart 4 år ville kome på besøk, å det passa perfekt! :) Gutane leika og kosa seg, og eg og ho kosa oss med kaffi og prat! :)
Då eg og ungane var å handla, såg eg at det var tilbud på røkt griseknoke, og då bestemte vi oss for å lage potetball, griseknoke, og rabbestappe og inviterte svigermor og svigerinda mi på middag, dei sa ja-takk, og kom å spiste saman med oss! Koslig! :)
No skal eg gå å setet brøda i ovnen, so skal eg kose meg på sofaen med strikket mitt, held på å strikke labbar som eg skal tove! :)
Ha ein super-duper fredagskveld! :)
Klem Sheila




torsdag 18. februar 2010

Heisann! :)
Her er eit bilde som eg har "gjort gammalt", det er eit bilde av min kjære og meg...
Skal prøve å sjå om eg greier å legge ut linken der dokke kan gjere det same med dykkars bilder!
Her er skattane våra!

Her er eg, mora mi, og mormora mi saman med lissjemor! 4 generasjonar! :)


Igår var eg på barseltreff igjen, det er so kjekt å møte andre med babyar! Kjekt for dei små også, og so får vi alltid noko godt å ete, ho som hadde invitert oss heim igår, hadde laga kjempegode vårrullar med steikt ris til, Mmmm! :) Til kaffi etterpå fekk vi ostekake! ...også Mmmm! :) Det var so nydelig ver igår, at vi trilla fram, det er ikkje so veldig longt, men eit lite stykke, og på vei heim, plukka eg opp gutane i barnehagen, so dei fekk gå saman med meg og lissjemor heimatt! Ei jente på barselgruppa kunne fortelle at det var "askedag" igår, det veret som var igår, skal det fortsette å vere i 18 dagar fram i tid, so stemmer det, har vi fine dagar i møte! :)
Klem Sheila


tirsdag 16. februar 2010

Kosedag!

Heia! :)

Enda ein dag er over, no sit eg eigentlig berre å ventar på at Frustrerte fruer skal begynde! Dagen idag har vore innholdsrik og koslig! :) Starta med kaffi og frukost hos eit vennepar, etter at gutane var køyrde i barnehagen, deretter for eg heim for å hente vogna til lillemora, og gjekk venninda mi i møte, då trilla vi ein long tur med vogn begge to, deilig med frisk luft var det! :) ...sjølv om det var faktisk litt i kaldaste laget, men vi holdt varmen mens vi var i bevegelse! :) Når vi sa oss ferdige med trimmen for idag, inviterte eg henne og dattera på middag heime hos oss, noko dei sa ja til! På menyen idag stod det Kylling-frikkase`...


KYLLINGFRIKKASE`:

5 kyllingfileter

9 poteter

1 løk

6 gullerøtter

1 purre


Saus:

6 ss smør

9 ss kveitemjøl

12 dl hønsebuljong

1,5 dl matfløte

salt og pepar


Kok sausen, (ha i matfløta mot slutten av koketida) ha i grønsaker og kyllingen, (i bitar sjølsagt) salt og papar og kok i 15 min. Eg serverar den med baguettar til! :) Denne oppskrifta er ganske stor, men eg frys berre ned det som blir til overs, so har vi lettvindt middag ein dag vi kansje ikkje har like god tid! ;)
Ha ein fin kveld vidare!
Klem Sheila

mandag 15. februar 2010

God mandag! :)

Heisann! :)
Her er eit par bilder av skattane mine! :)

Lissjemora berre eit par veker gammal!Lillemann passar godt på den nye lissjesystra si! :)
Storebror er glad i lissjesystra si!
Då var enda ei helg over, og ei ny veke er i gong! Idag har eg og allt tre ungane våre i kyrkja, storebror går på trusopplæring på mandagar, og alle dei andre 5 åringane (dei som vert 6 i år) får følge av barnehagen, men min 5 åring (snart 6 åring! :) ) har sjølvsagt fri mandagane, so då må mora, broren, ...og lissjesystra bli med! ...eigentlig er det berre koslig, er berre det at det har liksom våre noko KVAR dag i det siste føler eg, tannlegetimar, legetimar, timar på helsestasjon, barselgruppe, turn, sjukdom, eller morsdag og valentins, -og fastelaven på ein dag... Men men, trur ikkje det er slett sooo mykje på timeplanen denne veka! ;)

Eg har også våre på Dior-kurs idag, det var kjekt, so fekk vi servert ein heilt fantastisk god biffsnadder med ein nydelig "heimelaga" pepparsaus til, lærte om det nye på hudpleie-fronten, og litt om make-up! Eg elskar jobben min, og synest kursa er veldig spennende! For ca 2 år sidan, var eg på eit 2 dagers kurs i Bergen, reiste med buss ned, og bodde på hotell midt i smørøyet i Bergen, kor eg kooosa meg!!! :) Og reiste med fly heim tredje dagen! Det var gull verdt for ei då-verandes to-barnsmor som trengte litt kvalitetstid med seg sjølv! :)Her er eg i Bergen! :)Utsikta frå balkongen min!Eg på kjøpesenter i Bergen! :)
Klem Sheila