tirsdag 31. august 2010

Bergen-tur!

Hei igjen! :)
Har hatt meg ei lita pause frå bloggen, våre ei litt hektisk tid med skulegut, mann på sjøen, diverse på timeplanen, so eg har rett og slett ikkje tatt meg tid til å blogge, sjølv om eg har sakna å gjere det, har eg hoppa rett til køys med ein gong dagens gjeremål, husarbeid osv er blitt gjort...
Eg og husbonden feira 2 års bryllaupsdag igår! :)
Feiringa tok vi litt på forskudd i Bergen forge tirsdag og onsdag!
Her kjem eit bilderas frå kjærsteturen! :)
Fyrste dagen var husbonden på eit kurs, då for eg på shopping åleine, og kika meg litt rundt om i den fine byen! :)

Galleriet shoppingsenter!


Eg på shoppingsenteret!


Senga vår på hotellrommet!



Broren min bur i Bergen, so eg ringte til han, so kom han å møtte meg, det var koselig! :)

Vi stakk innom ei shappe å fekk oss kvar sin rullekebab! :)





Her har husbonden komt frå kurs, og vi tok turen inn i gamle Bergen by... Her sit karane ved ein ønskebrønn! :)



Eg som sit under eit elge-hovud! :)



Eg og min kjære!



Kosa oss på ein uteplass med kvar si øl...



Husbonden og broren min...



Kooosar oss! :)



Ein liten nuss... :)



På fisketorget!



Vi to! :)



Vi rangla litt på kvelden, og på vei heim til hotellet, regna det skikkelig, so vi fekk "låne" oss ein paraply med puben vi sat på... :) Det var snilt! :)


Dagen etter tok eg og husbonden oss ein tur på shopping, her står eg med hotellet vi budde på i bakgrunnen...



Står utanfor hotellet og ventar på drosja som skal kjøre oss til flyplassen, der gleda vi oss til å kome heim til alle tre gulla våre etter to dagar vekke frå dei! :)
Med desse bilda frå Bergen, ønskar eg dokke ein fin tirsdag, og håpar at eg skal vere flinkare til å oppdatere bloggen framover! ;)


Klem Sheila!

tirsdag 17. august 2010

Sol og sommar! :)

Heisann! :)
Grunna rangling i går kveld, kjem gårsdagens blogg-innlegg no... :) Var på klubb saman med 6 gode venninder, og var ikkje heime før ca halv ett...
Fekk servert taco, og heimelaga iskrem til dessert! Mmmm... :) Vart mykje skravling, og vi kosa oss mykje! :)
Badestranda!
I går var det også kjempefint ver, so vi for til stranda! ...lillemor kosar seg på teppet! (på bildet)
Mamma og søstra mi kom også på stranda idag! :)
Lillemann kosar seg med ein pose potetgull! :)
Søstra mi! :)



Eg og lillemor tok oss ein liten tur med baderingen! :)

Deilig var det! :)


Lillemor kosar seg med kjeks! :)


Venninda mi kom, so vi måtte ta eit slag med tennis/badmington... :)





Lillemann på vei ut for å dykke!


Her leita gutane etter krabbe, flyndre, reker osv... Største guten er sonen til venninda mi!


Her sit dei å ser på fangsten sin, blei ein del til slutt! :)



Søta mi! :)


Er litt usikker på kva det er lillemann viser meg her, men det er sikkert noko av havets "delikatesser"...



Venninda mi slappar av, og nyt sola! :)





Tre flotte gutar! :)


Utsikta frå stuevinduet idagtidlig... Ser ut som det vert flott ver idag også! :)



Idag skal eg og ungane på kaffi til søskenbarnet mitt, og so skal vi i selskap til ein bitte liten kompis som fyller 1 år! :) ...seinare må vi gjere klar sekken osv til storeguten min som skal byrje på skulen imorga, hjelpe meg kor spendt eg er, kjenner kor det kriblar i magen når eg tenker på det... Gler oss også da, både eg og storebror!
I tillegg kjem pappsen imorga, so det gledar vi oss masse til! ...berre synd at han akkurat ikkje rekk fyrste skuledagen! Men hn får bli med ein tur på fredagen! :)
Ha ein super dag alle sammen! :)
Klem frå Sheila! :)




mandag 16. august 2010

Nye klossar og tur på stranda!

Heisann! :)
Har gått nåkre dagar no utan innlegg, men no er eg her igjen! :)
Lillemor har pynta seg til vi skulle i selskap til ein liten kompis! :)

Kjket med nye klossar i hus! :)


Lillemann har bygt eit stort tårn!


Storebror konsentrerar seg! :)


I går var det nydelig sommarver! ...å då nytta vi høvet til å fare på badestranda! Kooosa oss! :)







Gutane leitar etter fisk og krabber!







Ha ein fin dag alle sammen! :)
Klem Sheila! :)<

onsdag 11. august 2010

Fridag!

Hei! :)
Idag har lillemann hatt fri frå barnehagen, han har fri onsdagane og torsdagane. So idag har vi berre kosa oss...


Har passa guten til ei venninde av meg også idag, so gutane synest det var kjekt å ha besøk! :)








Tirsdag!
Kom ikkje inn på "Blogger" igår, so eg fekk ikkje lagt inn innlegg då... Eg laga fiskesuppe til middag, og inviterte søstra mi og sonen hennar på middag! :) Det va koselig! :)

Fiskesuppe!
I fiskesuppa i går, hadde eg brokkoli, paprika, chilli, poteter, gullerot, purre, torsk, reker og løk! Kokte alle grønsakene i fiskebuljong, laga jevning i ei anna panne av smør og mjøl, brukte krafta fra grønsakene til å spe i mjøljevninga, ca 1,5 l kraft... Deretter tok eg i eit par dl rømme. salt og pepper, fisken i bitar, rekene, og grønsakene! Trekte dette i 10 min. Serverte mini-baguettar til! :) Mmmm...


Etter middagen var det is på marka til dessert! :)


Lillemor delar gjerne is med lillemann etter at han har spist opp sin is! :)


Det vart ein tur til barnehagen, der dei fekk leike seg litt før leggetid! :)
Lillemor og lillemann på dibbe dua!


Kjekt å sile! :)




Tilbake til idag! :)
Bestemora til husbonden fyllte år i går, so vi tok turen på besøk idag! Hadde med oss resten av marsipankaka fra familieselskapet på søndag, og ein pakke til henne! :)



Her sit dei samla alle i sofaen og ser på svaneprinsessa! :)
Kos! :)
Ønskar alle ein fin kveld vidare! :)
Klem Sheila! :)