onsdag 28. april 2010

Ventetid...

Hei! :)
I kveld kjem min kjære mann heim frå sjøen, sit berre å tel timar, han kjem rundt midnatt! :) Det blir spennande å sjå reaksjonen til ungane imorga-tidlig når dei kjem springande inn i senga til meg, og der ligg pappsen! :) ...eg har ikkje fortalt dei at han kjem i kveld, ellers hadde dei aldri villa lagt seg... :) Til min kjære har eg kjøpt roser, må gjere litt stas på han! :)
Kvite roser blei det denne gongen! :)

Kjøpte meg eit nytt smykke idag, eit litt kort, rosa perle-kjede! Eg er veldig glad i perler! :)
Det er det som heng heilt til venstrepå dette kjede-stativet!
Synest låsen var so nydelig, sølv-lås med magnet, so det er lett å ta på og av! :) Likar når ting er både fint og praktisk! :)

Kjøpte meg også ein ny kopp! :)

Denne turkise kjøpte eg idag, litt dårlig lys då eg tok bilde...
Denne lime-farga hadde eg frå før, dei er frå Wedgewood! Kjempefine tykkjer eg! :)

So har eg baka brød idag, prøvde ei av oppskriftene til Morten Schakenda! Vi har prøvd fleire av hans oppskrifter før, han likar at brøda skal heve i 7 timar pluss... Det orkar ikkje eg, so i staden for å bruke 15 gram gjær som han skriv, brukar eg 50 gram og let dei heve i ein time fyrst, og etterhevar dei omtrent like lenge, tykkjer det er nok eg! ;)



Ferske skive med brunost til kvelds idag ja! :) Mmmm...

Ha ein fin kveld folkens, eg skal finne på eit kvart slik at dei to siste timane av nedtellinga går FORT! :)

Klem Sheila! :)

tirsdag 27. april 2010

Husvask og litt ommøblering...

Heisann! :)
Idag har eg rydda og vaska i huset, gjort det reint og fint til min kjære kjem heim i morga kveld! Har våre so fint ver idag, so tepper og dyner har fått hengt ute heeeile dagen, deili! :) Gledar meg til å legge meg i kveld! :)
Prøvar å flytte på ting og tang for å finne den rette plassen til det nye maleriet mitt! :) ...kansje her, eller ikkje?! :) (No står det berre å kvilar på kommoden) Denne lisje komoden henta eg frå gangen, og flytta vekk ei bokhylle som stod her før. Veit ikkje om det skal vere slik, men foreløpig får det stå, men heng ikkje opp maleriet enda, prøve litt fleire muligheiter før eg lagar hol i veggen... :P

Fine blomster i duse fargar! :)

Er blitt ganske glad i skrivepulten og tallerkenhylla mi som eg mala og skifta knottar på... Synest dei passar so godt ilag! :) ...nesten som om dei er skapt for kvarandre! :)



Fyrste skona til storebror, i str. 13. Søte med snoopi på! :)


Litt detaljar frå pulten...




På kalendaren idag står det:
"Det herlige med vennskap er ...inspirasjonen som kommer når du oppdager at noen andre tror på deg og er villig til å tiltro deg sitt vennskap."
Denne gamle bilbelen (under norges-glaset) er også eit funn frå ein bruktbutikk for ei tid tilbake... Den er frå 1936! Likar gamle ting, det er som om det er sjel i dei! :)

Lillemor røyste seg opp for fyrste gong idag, her ved leikebordet sitt! :) Er so stolt av lisjemora mi! :) Tok tak i bordet og drog seg opp, går so fort fram at eg kan ikkje tru det, er so glad for at eg skal vere heime saman med ho eit år til! :) :)

Eg gledar meg slik til å få heimatt kjæresten min imorga, eg har sommarfuglar i magen! :) Er so deilig å vere forelska! :D
Ha ein fortsatt fin tirsdags kveld, eg skal hive på meg pysjamas og kose meg på sofaen med pledd og Frustrerte fruer!
Klem Sheila! :)

mandag 26. april 2010

Brukt gavekort og koselig selskap! :)

Hei! :)
Idag har eg endelig brukt det 2 år gamle gavekortet som vi fekk av forlovaren min i bryllaupsgåve! Har ikkje villa kjøpt noko berre for å kjøpe noko, ville at det skulle vere ein ting eg kunne ha foralltid! Gåvekortet var på ein lampebutikk, der dei også selger litt bilder. Eg har vore innom å kika monge gongar, men ikkje før idag sa det "pang", eg fallt for dette bildet, eller maleriet som det eigentlig er! Synest det var spesielt og tidlaust, no må eg berre finne den perfekte plassen til det! :)
På ein butikk på senteret fann eg denne skjønne dongeri-jakka til lillemor, greidde ikkje gå forbi! :) Tenk kor fin ho skal bli til sommaren i kjole og dongei-jakke! Søøøta mi! :)Velkomen-skilt, på dette skiltet har eg brukt å bytte ut skrifta med "god jul", "god påske", osv til diverse anledningar, men til vanleg ønsker det gjestane våre velkomen! :)
Kjøpte også idag lillemor si fyrste bok, kansje litt tidlig, men det er eigentlig berre ei peikebok, med lappar der vi kan kjenne på "pelsen" til dyra, både eg og lillemor tykte den var koslig å kike i, peike på å ta på! :)
På t-v benken!
Desse to tinga (vasen og "aladdin-lampen") fekk eg med husbonden ein gong han kom frå sjøen, han hadde kjøpt dei i Egypt... Alltid kjekt når han kjem heim med fine suvenirar! :) Snilde mannen min! :)


Fine detaljar på dei! :)


Vi har også våre i selskap til mi kjære mor idag, ho fylte år, og det måtte sjølvsagt feirast! :) Vi var der 5 av 6 sysken, med våre 5 barn (tilsaman altso! :) ...broren min bur i Bergen og hadde ikkje anledning å vere her saman med oss, men vi vart no ein bra gjeng uansett! :) God mat og kaker, og kjekt selskap er kos! :)

Veit ikkje om det var gøyme og leite dei heldt på med eller kva det var, men uansett fann minste-søstra mi desse to luringane opp i papir-dunken! :) Min sin minstemann og søskenbarnet! :)
Dei er so hærlige! :)

Ha ei fin veke alle saman! :)

Klem Sheila! :)

søndag 25. april 2010

Ny post-korg og sink-hus, pluss deilig søndagsmiddag! :)

Heisann! :)
Ja, so er denne helga også over, godt er det synest eg! Ser kun fram til at min kjære skal kome heim att eg no, so er glad for kvar dag som går! :) 4 dagar igjen, gleeedar meg! :)
I går, på laurdag, tok eg, svigerinda mi og svigermor oss ein liten tur på kjøpesenteret, der fann eg denne "korga" til å ha post i, tenkte den var grei til å ha posten til husbonden som eg "samlar opp" mens han er vekke, når eg har ei slik fin korg til å ha det i, treng eg ikkje gøyme det vekk dei 4/5 vekene han er vekke... No ligg posten dekorativt å ventar på han! :)
Den står sjølvsagt på den nye/gamle skrivepulten som eg nettopp mala...

På same butikken, lurer på om den heiter "Engledryss"...(?) fann eg dette sink-huset på halv pris, då greidde eg ikkje dy meg... :) Synest det var søtt med hjerte på! :)

Det får stå på tallerkenhylla! ...enn so lenge iallefall! :)


Sjølv om at det berre er eg og ungane heime no, ville eg lage til ein skikkelig go-middag idag på søndag!
Då vart det svinekottelettar, dampa poteter og brokkoli, og sopp/fløte -saus! Det var himmelsk godt! :)
Har lyst å dele oppskrifta på sopp/fløte -sausen med dykk! :)
150 g friske sopp champinjong og/eller kantareller
2 ss margarin
1 dl vatn med kjøtbuljong
2 dl matfløte
1 ts soyasaus (kikkoman)
1/4 ts pepper
1/2 ts salt
nokren dråpar negro (sukkerkulør)
Del soppen i skiver, smelt smøret, og fres soppen til den har fått gyllen farge.Hell over buljongvatn, fløten og kikkoman og kok opp. Tilsett salt og pepper. La sausen koke i ca 10 min til den tjuknar lett. Negro i mot slutten.

Til dessert idag, laga eg og lillemann sjokolademousse og vaniljekrem, og so tok vi opp litt skogsbær frå frysaren og hadde til, det var GODT! :)
Eit godt måltid berre MÅ avsluttast med dessert! :)
Det er eg og gutane heilt einige i! :)
Lillemor er også glad i mat! :) ...men dessert får ho ikkje enda stakar! :) Heldigvis veit ikkje ho kva ho går glipp av enda! ;)
Ønsker alle ein fortsatt fin søndag, og ei fin ny veke imorgon! :)
Klem Sheila!

onsdag 21. april 2010

Onsdag!

Heisann!
Idag har eg våre på barselgruppe, vi var berre tre stk idag, eller tre vaksne og tre babyar, men kosa oss uansett! Fekk servert ei himmelsk black-bean suppe og ei nydelig sjokoladekake! :) Mmmm...
Er litt forskjell på ungane på 8 mnd, somme har teke til å krype, andre tek livet fortsatt veldig med ro... Ein har fått 7 tenner, mens ei anna ikkje har teikn til den fyrste enda, nåkren klappar søte, mens andre vinkar, nåkren visar med hendene kor stooore dei er! :) So søøøte! :) Men heldigvis er det store slingringsmål på kva som er "normalt"! :)
Her kjem eit par bilder av stua denne hærlege solskinsdagen! :)
Det er som eg har sagt før, fortsatt litt tomt i stua vår etter at vi mala den, har ikkje lyst å lage masse hull og merker i veggane før eg er sikker på det eg skal henge opp. Har enda ikkje fått forstørra bryllaupsbilde av oss, som sjølvsagt skal på veggen, har eit par maleri som eg skulla hengt opp, men ikkje er sikker på kvar eg vil ha dei... Har eit gammalt klokkeur som eg har arva av verdens snildaste morfar, som han hadde arva av sine besteforeldre, den er veldig spesiell for meg, men den har heller ikkje fått seg plass på veggen enda... Skal vise dokke bilde av den ein annan dag! :)








Eine vinduskarmen... Likar denne engelen, ein lysestake vi fekk i bryllaupsgåve! :) Skulla tatt litt fleire detalje-bilder, men gjekk tom for straum på kameraet, so det tek eg igjen... :)
Ønsker dokke ein fin onsdags-kveld! :)
Klem Sheila!

søndag 18. april 2010

Mine tre lys-kruner!

Snøen lavar plutselig ned ute, og vi har skifta til sommardekk, so sit eigentlig ganske innebura! ...so absolutt ikkje trilleføre, so idag har våre ein lat innedag! Til og med ein middag-kvil har eg lurt til meg mens lillemor sov sin andre lur, og gutane fekk sjå på Istid 3...
Kika meg litt rundt, og fann ut at idag tek eg å knipsar bilder av dei tre lysekrunene mine! Det blir dagens blogg-innlegg! :)
Denne heng over skinnsalongen i stua, fekk den i bryllaupsgåve av min far!
Denne heng over andre sofagruppa der vi sit å ser på t-v. ...Her uten lys!
Her med lys... :)

Denne heng over spisestua...

...slik ser den ut med lys! :)

Ønskar alle ein fortsatt fin søndag!

Klem frå Sheila! :)

lørdag 17. april 2010

Laurdags-kos!

Idag har det våre surt og kaldt ute, då er det godt å fyre i ovnen! :)
Då sit eg og gutane nermast oppå kvarandre i saccosekken og kooosar oss! :)
(...berre eit bilde eg knipsa mens eg farta rundt her! ;)


Fekk pengar med tanta og onkelen til husbonden til å kjøpe noko til lillemor, og for dei kjøpte eg henne eit nytt kvitt vårantrekk, linbukse som eg trur er meint som capri...(?) og ein fin bomulls-cardigan med hekla detaljar i kragen! Søøøt! :)
Og so greidde eg ikkje å gå forbi denne skjønne boksa, og sidan lillemor hadde litt pengar til gode, kjøpte henne denne også frå gamle-tanta og gamle-onkelen, som ho kan ha kort eller ting ho samlar på i...
Synest det vart ei fin gåve frå dei! :) Boksa kan ho ha som eit minne for alltid! :)

Hmmm, dette bilde skulle eigentlig "ligge", men det vart visst ståande, men men...
Kjøpte for ei stund sidan ei 45 x 50 pute med eit enkelt putetrekk til, og hadde liggande dette strykemerket som eg ikkje visste kva eg skulle bruke til... Det havna på denne puta, og vart ein fin dekor til sofaen, pluss at puta er ganske god, både dekorativ og praktisk er ikkje verst! ;)
Idag har eg og ungane våre på besøk hos ei venninde og sonen hennar, som er på same alder som lillemann, gutane leika og kosa seg ilag! Venninda mi er høggravid og ventar baby når som helst, kjempe-spennande! :)
I kveld har eg og gutane laga oss pizza! ...kosa oss med laurdagsgodteri, og eventyr om den hodeløse rytter i senga! No søv alle engle-ungane trygt og godt, og eg sit her med teppe rundt meg og lev meg passe bra inn i Blogglandia! :)
Koooosedag! :)
Ha ein fortsatt fin laurdag!
Klem frå Sheila!

torsdag 15. april 2010

Sex and the city og gammal bibel! :)

God torsdags-kveld alle saman!
...alle og alle saman, eg har ikkje fått meg slik tellar, so eg veit ikkje kor monge/få som faktisk er innom bloggen min. Uansett, god kveld til dei som tek seg ein tur innom i kveld! :)
I går var gutane og eg på gås-unge-slang! :) Hehe... Tok med oss ei lita hage-saks, og fann oss ei mark som eg trur er kommunal, og var snare med å klippe oss ein bukett! :) Synest dei pyntar fint eg... :)

For 6 år sidan, var eg i Sverge på besøk til tanta mi og søskenbarna mine, då kom eg over denne gamle bibelen på ein brukt-butikk! Sidan har eg våre veldig glad i den, synest den er so fin! Den er ganske stor, det syns kansje ikkje so godt på bildet, men kan tenke meg at den er ca 20 x 25 cm...

Den er frå 1850


Fine detaljar!

Fekk denne sko-boksa med alle 6 sesongane av "Sex and the city" med søstra mi til jul, den kosar eg meg med når mannen min er på sjøen, sidan det ikkje akkurat er hans favoritt-serie! So då kosar eg meg av og til på sofaen med denne "sko-boksa", snacks, masse puter, eit deilig pledd og strikket mitt! ...og det skal eg gjere no, er ei vekes tid sidan sist eg gjorde det, men når eg fyrst gjer det, ser eg gjerne tre-fire episoder i slengen! :)
Ha ein fin kveld! :)
Stor klem frå Sheila! :)