lørdag 3. april 2010

Påskeferie!

Heisann! :)


Lenge sidan eg har våre her no, vi har våre på påske-ferie på Bjorli, 0g har kosa oss masse! :)

Vi stortrivs der oppe! :) Vi likar å gå på ski, nyte sola, ete tørrfisk ute, lage snøhytter, rangle litt på kveldane, og berre nyte tilværelsen! Ikkje tenke på alt som må gjerast, vaskast, osv...

Det er svigerforeldra mine som har campingvogn og spiker-telt der oppe, veldig kjekt, og koslig! :)

Stod opp tidlig den dagen vi skulle reise, og satt på ei stor gjærdeig, baka horn og kanelknutar som vi tok med oss!

På veien kom vi rett oppi ei ulykke der ei familie på 5 hadde kjørt seg utfor veien i stor fart, bilen låg på taket då vi kom, ...skummelt! Heldigvis so gjekk det bra med foreldra og dei tre borna! :)

Gutane på ski fyrste dagen, gjekk "grøneløypa" på 8 km. Stolt mor!! :)

Godt å få hjelp av farfar når lillemann dett! :)

Tre slitne gutar etter ein long dag! Minstemann på bildet er fadder-ungen vår, sonen til svogeren min!

Gutane laga iglo, sa dei... Det var ikkje nok snøv denne gongen til å lage snøhytte, so dei måtte laga iglo i staden for... :)

Lillemor sov godt i campingvogna! :)

Andre dagen gjekk vi på ski bort til trekket, hadde med oss ein leskedrikk som dei kosa seg med før vi gjekk tilbake igjen, turen vart ca 4 km...

To påskeprosjekt, eit lestepar til ein av gutane, og lappar til meg sjølv som skal tovast! :)



Her kjem eil klipp av lillemann sin fantastiske stil nedgjennom bakkane i løypa, synest han var so tøff! :) ...4 åringen min!


Ønskar alle ei god påske!
(...veit at eg har lova å vise dokke "male-prosjektet" mitt, men treng nokon til å hjelpe meg å helge det opp før eg tek bildet av det!)
Klem frå Sheila! :)

1 kommentar:

♥ Hege`s Cute N Cool Blog ♥ sa...

ÅÅÅåååå kor dokke he kosa dokke!!! Kjempekjekt på bjorli da ♥

Ja no e ej so nysgjerrig på ka du he mala!!! hehe...spennande ♥

Kjempekos att du vil delta på min Give Away Sheila ♥

Og takk for så fine kommentarer...like hyggelig som alltid!! :)))

Ønske dej ei herlig go påske vidare ♥

No fyre ej i peisen og skal koooose mej her inne i Blogglandia i nokren tima (til) haha..

Påskeklem Hege ♥