torsdag 27. mai 2010

Kosedag! :)

Heisann, og god torsdags-kveld folkens! :)
Berre eit par detaljebilder frå heimen...
Bildet tatt i går... :) (sjå datoen...) :)

Har aldri våre "fan" av plastikkblomstrar, men med mine grøne fingrar (not) hjelp det nesten ikkje prøve på noko anna ein gong, klart eg `og klarar å holde ein bukett i ei ukes tid, men grøne planter berre daudar i heimen min, skulle ønske ikkje, men slik er no det! :( Uansett, synest desse er ei god erstatning! :)

Ein liten engel eg fekk i julegåve! :) Søt....

Idag har gutane igjen hatt fri frå barnehagen, (dei går der berre tre dagar i veka, so det vert monge fridagar...) :) So var då det store spørsmålet; kva skal vi finne på, går ikkje an å berre sitte inne ein heil dag!
Jo, vi smører oss niste, kokar kaffi, tek med oss teppe, kjeks og frukt, gutane hiv seg på syklane, lillemor i vogna og eg trillar! Vi tok å gjekk Rotarystien! :) Kjempekos! :)
Gutane var kjempeflinke! :)

Stas å stå på brua, skal tru om det er under her trollet bur?? :/

Her fann vi ein bra rasteplass! :) Med utsikt mot elva, fuglekvitter, kaffi og god mat! :) Kunna vi hatt det betre...?Maryland-kjeks til "dessert" :)Verdens beste skattar! :) Eg eeelskar desse tre overalt! :)Eg og gutane mine! :)
Lillemor kooosar seg i vogna! :)

Eg og lillemann, sjekk dei oransje lestane... hehe... :)
Brorane dinglar med føtene! :)

Kastar stein i elva, kven kastar lengst...? ALT er konkurranse! :)
Storebror tek bilde av meg og lillemann... :)

Joda, greidde ikkje å holde seg berre på land, nei! Sjå venstre foten hans... :P Våt heilt opp til låret... Hihi... Gutar er gutar! :)

Enda ei bru, her måtte dei prøve å sitte under, spennande! :)

På veg heim fann dei ei slenge som var veldig kjekk, fekk dei nesten ikkje med meg heim! :) Heile tre timar varte denne koseturen vår, inkludert rastepause da! :) Vi storkosa oss! :) Etterpå for vi heim, og gutane bestilte spaghetti-gryte til middag, og det blei det! :)
Ha ein fin kveld vidare!
Vil forresten ønske dei nye følgarane mine hjærlig velkomne, kjempekoslig at fleire vil følge meg! :)
Stor klem Sheila! :)

onsdag 26. mai 2010

Onsdag! :)

Heisann! :)

Idag har eg våre hos kiropraktoren, lillemor var med meg, og oppførte seg eksemplarisk der ho berre låg i bilstolen sin og kika på i ein liten halvtimes tid! :) Ho er so god, er so stolt av lisje gullet mitt! :)
Når vi kom heim, tok vi oss ein liten kvil før vi skulle på trilletur saman med barselgruppa, vi gjekk ein passelig tur på ein koselig sti! :) Tok oss ei lita rastepause på ein benk med kjeks og vatn, neste gong skulle vi hugse å ta med oss kaffi avtalte vi! :)
Litt bilder av sola som kom inn i spisestua vår på kvelden! :)

SOL! :)

Eg veit det... Tripp-trapp-stolane skulla våre kvite dei også, men vi får sjå! ;)

Plommetrea blomstrar! :)


Laga salat av reke, avokado og purreløk, pluss litt salt! Kjempegodt! So enkelt og sooo godt! :) ...avokadoen MÅ modnast på benken eit par dagar før bruk... ;)

Ha ein fin kveld alle sammen! :)

Klem Sheila! :)

mandag 24. mai 2010

Heime åleine- igjen... :(

Heisann! :)
Ja, so var dagen komen -igjen... I dagtidleg måtte vi til å køyre pappsen/kjærsten til hurtigbåten, for han skal på sjøen på jobb i 4 nye veker... Heilt til Australia! Saknar han allerede, huset blir so tomt med ein gong, stillt og stusseleg, trist... :(
Legg ved eit par bilder frå dagen vår i går i fjøra! :)
Her leitar karane etter krabber! :)

Storebror var fyrst ute, og fann ei lita krabbe! :)

Pappsen fann ein skikkelig sværing! :)

Lillemann greidde ikkje dy seg; han berre MÅTTE holde den STORE krabba! Det han ikkje hadde rekna med, var at den kneip seg aldeles fast rundt handa hans, og "beit" med klørne! Krabba greidde til og med og knipe hol i huda hans slik han begynte å blø litt... Sterke dissa små beista! :) ...men det gjekk bra! :)

Eg og lillemor fann oss også krabbe, ei lita ei! :)

Ellers har vi våre på middag med mora mi idag, fekk servert deilige kottelettar, og bløtkake til kaffien etterpå! :) Mmmm...
I tillegg til eit koselig middag og kaffi-besøk, var det litt spesielt også, for vi var samla alle 6 søskena der, og det er eigentlig ikkje ofte det skjer, det er til jul, og andre spesielle anledningar, då vi bur litt her og der, og berre det at vi er 6 søsken, gjer det nesten litt vansklig at det skal passe for alle å møtast ilag alle til same tid... Men når vi gjer det, er det alltid kjekt! :)
No skal eg stad å legge meg! ...åleine! Sukk!
Saknar deg allerede, kjærasten min! :)
God natt! :)
Klem Sheila!

søndag 23. mai 2010

Skal, skal ikkje...?

Heisann! :)


Vi står midt opp i eit stort dilemma...

Alle manns draum, er vel å byggje sitt eige hus, lage sin eigen heim, leggje sjela si i det, osv... Vi har no muligheit for å oppleve hus-byggje-draumen, men so undrar vi, skal vi, eller skal vi ikkje...? Det er positive og negative ting med både å gjere det og ikkje gjere det...
Vi har muligheita for ei gratis tomt innan familia, det er derfor temaet har kome opp akkurat no...

Her vi bur no, finns mange born på alder med borna våre, vi har naboer ved kvar einaste side av huset, (både positivt og negativt) og mange venner i nærleiken.

På plassen der tomta "vår" står, er det veldig landlig, idyllisk, fredlig, lunt og fantastisk nydelig! Og ingen naboar tett innpå. :) Men ein ting vi tenker på er at vi veit ikkje heilt kor monge born der finst på alder med våre...
Der er på veg å kome eit byggefelt i nærleiken av tomta, der eg veit det kjem enda fleire småbarnsfamilier, men reknar med at det er mindre born... Skulen dei eventuelt kjem til å gå på, er ein busstur på ca 3 minutt unda, gjennom ein tunell, der veit eg bur mange/fleire born da, so det er uansett ikkje verre enn det... Når vi spør gutane kva dei vil, seier dei somme tider ja og andre tider nei. Men vi trur ikkje dei heilt forstår at det er ei permanent løysing... Mora mi og dei to yngste søskena mine bur der, 5 min gåavstand frå tomta, so det er no positivt da! :)

Det tek ca 10 min med bil til nermaste by, dvs også nermaste butikk, bensinstasjon osv, men eg jobbar også i den byen 4 dagar i veka, so eg ser ikkje på det som noko problem...
Uansett; det er ikkje nokon lett avgjerelse, må liksom vere 100 % sikker!
Store delar av meg seier; Ja, gjer det! :) ...mens ein annen del seier; tenk deg godt om! Byggjer vi hus der, so blir det foralltid! Hmmm...

Storebror ved tomta... :)


Gutane leikar seg på tomta...




Husbonden viser bestefaren sin litt rundt...


Litt av utsikta... Det lisje kvite huset, ein fjøs og ei løe er også i familia, det er familia mi som eig heile området rundt tomta... Her sit eg og lillemann på tomta for 4 år sidan, fant bildet inne på dataen her... Litt artig! :) I det kvite sommarhuset har vi holdt til ein god del av sommarane, helgeturar, og ellers dagsturar, der vi grillar, plukkar blåbær, tek turar i fjøra, på fjellet og i skogen... Der nyt vi stillheita, fuglekvitter og vatnet som renn i elva... Kjempekos! :)


Har ein del tenking på gong, husbonden seier at det er opp til meg, han jobbar på sjøen, og er heime berre halve året, so når han er vekke, er det eg som blir verandes der åleine med ungane, og etter at dei har flytta ut, blir det eg "ene og alene" som blir sittandes der mens han er til sjøs...
Men eg jobbar no, so eg tenker at når ein kjem frå jobb, må det no vere godt å kome heim til denne skjønne plassen, og berre nyte at ikkje bilane susar rundt husveggane, sitte ute å nyte utsikt, fuglesong og elvesus! :) Spise middag på terassa utan at naboane pustar oss i nakken...

Det må no vel vere lykke! ...eller?
Det var mine tankar idag, kjenner at eg fekk lufta hovudet mitt litt no... :)


Klem Sheila! :)

lørdag 22. mai 2010

Vår og grilling! :)

Heisann! :)
Deilig når sola skin inn gjennom vindauga! Då kjenner eg på smaken av vår! I går var det heilt nyyydelig ver! :D
Noko anna som smakar av vår, er grillmat! :) Mmmm, vi grilla pølser med brød til ungane, og chilli- og kvitløksmarinerte scampi , ris og salat til oss sjøl, det var himmelsk godt! :)


Oppslagstavla mi, der eg heng frå meg diverse bilder, kort osv, so skiftar eg ut no og då... :)
Husbonden som liten gut! :) Søt! :)
Mine aller kjæraste! :)


Ha ein fin laurdag alle sammen! :)
Klem Sheila! :)

torsdag 20. mai 2010

Long time...

Off, no er det aaaltfor lenge sidan eg har oppdatert bloggen min! :(
For å "unnskulde" meg litt, har vi våre på tur til Oslo, kom heim seint laurdags kveld, so har no det våre 17. mai og det eine med det andre...
Har heller ikkje ikkje hatt det største energi-nivået i meg, har hatt ein utruleg vond rydd, der eg fleire dagar har leie rett ut, har no etter diverse undersøkelsar, teke til med behandling hos kiropraktor... Han seier at nakken min er skeiv, noko som antakeligvis skjedde etter ei bil-ulykke i 2006, og at skada har forverra seg etter graviditet, trening, bering på ungar osv osv... Håpar på rask betring!!! :)
I kveld kosa vi oss med fruktfat og vanilje-kesam til dip! :) Mmmm...

Her er eg og familia mi på 17. mai, pynta og fine! :)

Lillemor i den fine bunaden som mora mi sydde til ho! :)


Storebror i hamrekonkurranse på 17. mai... Med tunga rett i munnen! :)


Lillemann vann premie i kastekonkurranse! :) *STOLT*


Eg og ungane i 17. mai toget...


OSLO-TUR! :)
Her sit vi og et middag på Dombås... :)

Lillemann køyrer tog på eit senter! :)


Eg og familia mi saman med trollet på Dombås...

Lunsj ute! :) Kos! :)
Hadde ein koslig tur, søstra mi og tanteungen min, og faren hans blei også med...
Håper dokke alle har hatt ei fin 17. mai-feiring!
Ha ein fin torsdags-kveld! :)
Klem Sheila! :)


mandag 10. mai 2010

Bursdag! :)

Heisann! :)
Idag lagar eg innlegg frå husbonden si maskin, og på den får eg ikkje til å flytte på bilda etter at eg har lagt dei inn, so det blir litt "hulter til bulter" idag! :)
Eg har fødselsdag idag, fyller heile 27 år! :) Her er eg saman med lillemor! :)


Storebror hadde laga kort til meg, og plukka påskeliljer ute på marka! :) Sjå kor fint han har teikna hjerte og blomst til meg, blir so lett rørt av slikt! :) ...mamma er det einaste han greier å skrive på eiga hand, utanom navnet sitt, han er so skjønn! :)


Fekk meg nytt anheng til armebandet mitt med mamma... Ein frosk! :)



To praktiske bollar med søstra mi! :)


To slike orkidear med svigerforeldra mine! :)



(Åj... lampeskjermen litt på snei... :))


Desse øyredobbane fekk eg av lisjesøstra mi på 11 år, ho hadde kjøpt dei av vekelønna si, plukka dei ut sjølv og greier, so søt! :)



Av svigerinda og svogeren min, fekk eg denne lys-lykta. Har ei frå før, men det gjorde ingenting, kjekt å ha to like, kansje eg finn på å sette dei ilag... :)



Eit litt dårlig bilde frå andre sida av stova...

Bestevenninda mi kom med ein fin bukett raude roser! :) So snill! :)



Min kjære hadde kjøpt denne fine buketten til meg! :)

Ja, eg skulla strykt duken, men tida strakk ikkje til... ;)



Skinnsalongen...

Ingen bursdag utan kake, home-made `ala Sheila! :) Eg har blitt ein resar på å lage marsipankake, det verste er at dei blir veldig gode`og! :) *skryte skryte*


Har hatt ein superduper dag saman med mine kjære! Husbonden laga god middag, og huset fylte seg straks opp, synest det er kjekt med besøk og koslig selskap! :) Gutane elskar å servere, dekke på, og lage i stand når dei veit vi får besøk, då spør dei jamt; "ka tid folka kjem?" :) Dei er so søte! :) Gulla mine! :)
Ha ein god natt, no skal eg krype til køys! :)
Klem Sheila! :)