tirsdag 31. august 2010

Bergen-tur!

Hei igjen! :)
Har hatt meg ei lita pause frå bloggen, våre ei litt hektisk tid med skulegut, mann på sjøen, diverse på timeplanen, so eg har rett og slett ikkje tatt meg tid til å blogge, sjølv om eg har sakna å gjere det, har eg hoppa rett til køys med ein gong dagens gjeremål, husarbeid osv er blitt gjort...
Eg og husbonden feira 2 års bryllaupsdag igår! :)
Feiringa tok vi litt på forskudd i Bergen forge tirsdag og onsdag!
Her kjem eit bilderas frå kjærsteturen! :)
Fyrste dagen var husbonden på eit kurs, då for eg på shopping åleine, og kika meg litt rundt om i den fine byen! :)

Galleriet shoppingsenter!


Eg på shoppingsenteret!


Senga vår på hotellrommet!



Broren min bur i Bergen, so eg ringte til han, so kom han å møtte meg, det var koselig! :)

Vi stakk innom ei shappe å fekk oss kvar sin rullekebab! :)





Her har husbonden komt frå kurs, og vi tok turen inn i gamle Bergen by... Her sit karane ved ein ønskebrønn! :)



Eg som sit under eit elge-hovud! :)



Eg og min kjære!



Kosa oss på ein uteplass med kvar si øl...



Husbonden og broren min...



Kooosar oss! :)



Ein liten nuss... :)



På fisketorget!



Vi to! :)



Vi rangla litt på kvelden, og på vei heim til hotellet, regna det skikkelig, so vi fekk "låne" oss ein paraply med puben vi sat på... :) Det var snilt! :)


Dagen etter tok eg og husbonden oss ein tur på shopping, her står eg med hotellet vi budde på i bakgrunnen...



Står utanfor hotellet og ventar på drosja som skal kjøre oss til flyplassen, der gleda vi oss til å kome heim til alle tre gulla våre etter to dagar vekke frå dei! :)
Med desse bilda frå Bergen, ønskar eg dokke ein fin tirsdag, og håpar at eg skal vere flinkare til å oppdatere bloggen framover! ;)


Klem Sheila!

Ingen kommentarer: