søndag 14. februar 2010

Morsdag!

Skrytebilde av mi heimelaga marsipan-kake til morsdagen! :)Fylte den med blanding av krem og vaniljekrem, og bringebærsylte i to av laga, den vart veldig god! :)Gratulerer med morsdagen og valentinesdagen! <3


Som eg har foltalt, jobbar husbonden på sjøen, og for ca 2 veker sidan reiste han til Singapore for 4 nye veker vekke frå oss... :( So idag på morsdag og valentinesdag er det liksom litt trist at han ikkje er her... Vi er vande med å vere frå kvarandre, sidan han har våre sjømann sidan vi traff kvarandre og vart kjærestar, men det gjer det ikkje mindre trist for det... Savnar han utruleg mykje kvar gong han er vekke, og gruar meg til kvar gong han skal reise! Eigentlig trur eg det berre er godt å få sakne kvarandre litt, sunt for forholdet... Det er over 9 år sidan vi traff kvarandre og vart kjærestar, og til sommaren er det 2 år sidan vi gifta oss, og eg gledar meg til mooonge nye år saman med han og dei 3 kjærleiksborna vår! <3

Elskar deg, kjære!


Sidan husbonden er på sjøen, måtte eg sjølv sette i sving gutane til å lage morsdagskort til meg, og her er dei ferdige resultata, dei er so flinke, gulla mine! :) Lissjemor måtte sjølsagt også lage kort! :) ...med omriss av handa hennar! :) Sidan eg er veldig tilhengar av morsdag og farsdag, måtte eg no berre fare iveg å finne meg sjølv ei gåve frå ungane, som dei kunne få gi til meg i dagtidlig saman med korta sine, eg fallt for denne fine engelen igår på vår butikkrunde, å gutane var enige i at denne skulle mamma (eg) få til dagen sin i morga! :) Tusen takk, skattane mine! :)
Her får engelen stå iallefall inntil vidare, har ikkje hatt tid til å flytta so mykje rundt på han idag, å funne den perfekte plassen til han enda, men kansje blir han ståande her på t-v benken, kansje ikkje... ;) Er forresten veldig glad i bildet av gutane som heng på veggen, det er ei god venninde som er fotograf som har teke bildet! :) Eg synest det er so fint! :)


Her er husbonden min, og alle tre skattane vår, lissjemor er heilt fersk på dette bildet, det er tatt på sjukehushotellet...

Eg må vere verdas heldigaste! :)

Klem Sheila

1 kommentar:

Husmora sa...

Guuuri for ei fin kake:)

Og gratulerer so masse med vel overstått MORSDAG og valentines day:)
Her vart dagen feira på sofaen med varmepute... ikkje særs festlig, men fikk iallefall rose, kaffi og sjokolade på senga før sjuka slo inn:)

Du he no flytta fint inni blogglandia iallefall og fått skikkli dreisen på ditte her. Kjekt å sjå :)

Oss snakkast. Kos dej:) Klem