fredag 12. februar 2010

Formiddagsbesøk!

God morgen! :)


Då er gutane i barnehagen, og lissjemora ligg og søv!
Då nyttar eg tida til å mekke ihop ei snerta rullekake, godt, og veldig enkelt! :)
Eg ventar nemlig kaffibesøk av nabo-jenta og sonen hennar... Koslig! :)



Rullekake!

5 egg

2,5 dl sukker

3 dl sikta kveitemjøl

2 ts bakepulver

Egg og sukker vispast luftig, bland mjøl og bakepulver, og vend det inn i eggedosisen! Dekk ei langpanne med bakepapir, og sukkre bakepapiret godt, og hell på røra som ein firkant... Steikast på 200 grader midt i ovnen i 10 min. Etter at den er ferdig steikt, smører du på sylte, (eg brukte bringebær) og ruller kaka saman!


Klem Sheila

Ingen kommentarer: