torsdag 11. februar 2010

Heisann! :)
Endelig stillt i stua! ...er no eit par timar sidan det da, men for ei trebarnsmor med mann på sjøen, er det ikkje berre å sette seg ned so snart ungane har sovna! Nei, då skal det ryddast, kle skal vaskast, dei som har lagt i maskina sidan igår (ja, sidan igår) skal hengast opp, dei som hong på snora, må takast ned, brettast ihop og leggast på plass, må gjere klare klær, dressar, vintersko, vottar osv osv til morgadagens barnehage-dag!
Ta ut av oppvaskmaskina, og fylle den på nytt, pannene etter middagen skal vaskast, og båsset skal berast ut, no har eg henta meg eit velfortjent glas med cola og ei lita skål med potetgull som eg skal kose meg med før eg går og legg meg!

Eg og lissjemora var forresten på 6 mnd-kontroll idag, ho var akkurat passe stor, og utviklinga var normal i forhold til alder, ho rullar seg no frå side til side, fra rygg til mage og omvendt, "lyftar seg" på strake armar, men ingen tegn til krabbing enda, men det synest eg er like greit... Kjem tidsnok! :)
...heller ingen tegn til tenner enda, like greit det `og! :)

Då får alle sammen ha ein fin kveld vidare!

Legg ved eit par detalje-bilder frå rundt omkring i heimen...


Ei knaggerekke i gangen...

Klokka mi som heng i spisestua!



Ei gammal urne som eg har fått med mamma!

Veggen mellom stuene!

God natt, no tek eg kveld!

Klem Sheila

Ingen kommentarer: