torsdag 29. september 2011
onsdag 28. september 2011
Is og litt "nytt"...
...vaniljeis med jordbærstrø og lakris på! Mmmm!!! :)
tirsdag 27. september 2011
Pizza og grillings! :)
(Desse pizza-bilda er frå laurdagen...)
Her er ungane sine sjølvkomponerte pizza... :)
fredag 23. september 2011
Dior!
Eg og to av kollegane mine var på Dior-kurs i går, noko som alltid er like inspirerande! :)
Kurset starta med eit deilig måltid på Lyst i gågata i Ålesund, etterpå gikk vi til Thon hotell der Dior skulle holde nyheits-kurset sitt...
J`adore-familien har fått eit nytt medlen; J`adore Eau de Toilette, der Charlize Theron fronter kampanjen!
Frisk sitrus er det mest framtredande i toppnoten med eit hint av mandari. I hjertenoten finn vi J`adore duftens signaturnoter i form av damaskus rosen, Ylang ylang, jasmin og appelsinblomst.
I bunnoten avslører noko treaktig med eit hint av vanilje.
Vi fekk sjølsagt snik-lukte litt på denne hærligheita, og den var nyyydelig, berre å glede dokke til den kjem i butikken i midten av oktober...! :)
Ellers fekk vi vite at Diorskin forever er blitt fornya, no har den meir hudpleie-ingrediensar enn nokon gong- no er det ein unik samansetningav make-up og hudpleie. Den gir mykje fukt, mattar og glattar ut! Super! :)
Når vi er på kurs brukar vi også å få fine kurs-gåver, denne gongen var Dior spesielt generøse, her er mine tre flotte kurs-gåver:
3 colours smokey, øyenskugge, denne nydelige fargen er nr 481 og fargen heiter smokey kahki, den var rålekker på! :D
DiorBlush nr 889 fekk vi også med heim, ein kjempefin farge som passar dei fleste! :)
Då eg greidde å svare på eitt av spørsmåla til kurs-haldaren fekk eg denne Skinflash-en i "premie"... Kjempekjekt! :) Denne er kjempegod, anbefalast på det sterkaste! :)
Då eg greidde å svare på eitt av spørsmåla til kurs-haldaren fekk eg denne Skinflash-en i "premie"... Kjempekjekt! :) Denne er kjempegod, anbefalast på det sterkaste! :)
No skal eg hoppe meg i dysjen, straks skal eg og husbonden på ein aldri so liten date, rett og slett pleie forholdet litt! ...skal bli kos! :)
Ha ein koselig fredag folkens! :)
Klem Sheila! :)
onsdag 21. september 2011
Busstur...
Husbonden måtte ha bilen idag, og då tok eg bussen til jobb, ein koselig tur det! :)
So var eg klar for jobb, vi har nyst hatt Shiseido-kampanje, med etterfølgande kampanje med fokus på Artdeco og diverse dufter, no ryddar vi borda for å sette litt fokus på hærlige Biotherm og YSL... :)
Kosar meg på jobb! :)
Vi har også fått ei ny duft frå Lancome; Tresor Midnight Rose, ei parfyme som omtalast som sprudlende, sensuell og forførande! :)
Idag fekk eg lyst å vere litt fresh på neglene sidan eg var svartkledd frå topp til tå, då landa eg på denne spreke fargen frå Dior, Aloah nr 638! Lekker! :D
tirsdag 20. september 2011
Litt av kvart...
Her kjem ei oppsummering frå dei siste dagane... :)
Lillemann tek bilde av meg i bilen mens vi køyrer over Eiksund-brua! :)
Her er den søte lillemannen min i Volda sentrum, vår å kjøpt oss bollar! :)
Stoppa i ein kjekk barnehage å leika oss! :) Her er lillemor! :)
Klatremusa vår! :)
Likar å leike meg eg også! :)
Storebror slengar seg! :)
Vi var på sjukehuset å besøkte mamma/mormor! :)
Her er vi heile gjengen i sjukesenga til mamma... Alle har mala fine teikningar til mormora si! :)
onsdag 14. september 2011
Ny duft i butikken...
På vei til jobb idag såg eg ein kjempefin regnboge, den kjem ikkje like godt fram på bildet her, men den er no der... :) Leitte opp kameraet å knippsa eit bilde av den! :)
Burberry har no komt med ei ny duft; Body!
Body er den mest feminine og sensuelle dufta Burberry nokon sinne har jobba med, den er sofistikert og delikat, lett og feminin, men mest av alt, unik! Den fanger essensen av Burberrys britiske arv med ein note aldri før brukt i ei duft; English rose...
Flakongen er grafisk med reine linjer som ein slipt diamant. Utrulig lekker! :)
Etter å ha våre ein snartur i kjellaren for å sette på ei maskine med klær, møtte dette synet meg då eg kom opp att, lillemor hadde nemlig fått tak i restane av ei eplekake, og gumla i seg for hand. Jaja, godt ho ikkje var nysteikt å eg venta gjesta! :)
tirsdag 13. september 2011
Barnesong og middag i kirka! :)
Annankvar tirsdag et vi middag i kirka! :) ...då er det nemlig barnesong, å då startar vi med deilig middag frå hotellet før vi tek til å synge å høyre på bibelfortellingar, veldig koselig! :)
Idag fekk vi servert gryte av lam trur eg det var, vi fekk poteter og salat til. Her på bildet sit eg, lillemor, lillemann og prinsessa til venstre er fadderjenta til meg og husbonden, ho fylde 3 år idag! :) Hipp hipp hurra! :)
Kveldskos for meg sjølv! :)
No har ungane lagt seg og det er stilt i huset, då brukar husmora å leite fram noko godt frå godteri-skapet, idag blei det potetgull og salte laban... Nammenamm! :) (dårlig uvane)
Levandes lys gjer stemninga litt koslig sjøl om eg sit her åleine...
No er det forresten berre 2 dagar til min kjære kjem heim frå sjøen etter snart 5 veker vekke, det skal bli godt!!! :D Saknar han so mykje! Skal også bli godt å vere to igjen om å få kvardagane til å gå opp...! :)
No er det forresten berre 2 dagar til min kjære kjem heim frå sjøen etter snart 5 veker vekke, det skal bli godt!!! :D Saknar han so mykje! Skal også bli godt å vere to igjen om å få kvardagane til å gå opp...! :)
Måtte berre ta eit bilde av den skjønne jenta mi som ligg å søv so godt! Ho elskar alle bamsane sine, helst skal heile senga vere full av dei! Her har ho 4 stk rundt seg... :)
Ja, bildet talar eigentlig for seg sjølv! ...på tide å ta ei skikkelig opprydning før husbonden kjem heim?? ...denne kråa vart plutselig lillemor`s leikekrå, og det er greitt det, sidan ho enda ikkje har fått sitt eige rom, men når eg i tillegg brukar den til å tørke klær, legge sammen klær, storebror gjer leksene sine der (på ein pult som ikkje viser på bildet...) kan det plutselig bli litt trangt om plassen både for den eine og den andre, jaja, trur eg skal ta det imorga, no blir det enda meir sofa-kos! :)
Ha ein fin kveld alle sammen! :)
Sheila! :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)