onsdag 14. september 2011

Ny duft i butikken...

På vei til jobb idag såg eg ein kjempefin regnboge, den kjem ikkje like godt fram på bildet her, men den er no der... :) Leitte opp kameraet å knippsa eit bilde av den! :)





Burberry har no komt med ei ny duft; Body!
Body er den mest feminine og sensuelle dufta Burberry nokon sinne har jobba med, den er sofistikert og delikat, lett og feminin, men mest av alt, unik! Den fanger essensen av Burberrys britiske arv med ein note aldri før brukt i ei duft; English rose...
Flakongen er grafisk med reine linjer som ein slipt diamant. Utrulig lekker! :)





Etter å ha våre ein snartur i kjellaren for å sette på ei maskine med klær, møtte dette synet meg då eg kom opp att, lillemor hadde nemlig fått tak i restane av ei eplekake, og gumla i seg for hand. Jaja, godt ho ikkje var nysteikt å eg venta gjesta! :)





Gutane som kosar seg i sofaen etter ei våt og kald fotballtrening! :)





Min godaste mann kjem heim frå sjøen imorga, og då er det ekstra kjekt å pynte opp stua med ein liten bukett roser! :)

Ha ein fin kveld alle! :)


Sheila! :)

Ingen kommentarer: