Idag hadde gutane fri (onsdag-fri) og vi bestemte oss for å ta oss ein dag i byen! :)
onsdag 9. mars 2011
Kosedag med kidsa! :)
søndag 6. mars 2011
Hærlig søndag!
Likar søndagar, hærlig å gå i pysjamas til longt ut på førmiddagen, drikke ein varm kopp te i sofaen framfor barne t-v på morgenkvisten, før det er lys i nokon av nabo-husa, ete sein frukost, lage ein god middag, og gjerne ha middagsgjestar eller kaffigjestar, sjå på Star Wars saman med gutane etter at lillemor har lagt seg,
det er ein "typisk" søndag!
Ein skikkelig kosedag! :)
Fra venstre; tanteungen min, lillemann og lillemor! :)
Hadde potetball (og restane av eit spekekjøttlår) til middag idag, inviterte ei venninde av meg til å ete saman med oss, det er koselig å ha selskap! :)
Til dessert idag hadde eg laga karamellpudding... :)
No er dei alle tre klare for senga, og ei ny veke med skule og barnehage, ja kvardagen!
Ha ein fin søndagskveld!
Klem Sheila! :)
lørdag 5. mars 2011
Koselig laurdag!
Heisann! :)
Idag tok vi oss ein tur for å besøke pappa og besta, dei bur i samme hus, berre i kvar si etasje. Vi samlast nede hos besta, som alltid dekkar på festbord! Kake, kaffi, kjeks, saft og det so måtte vere! Verdens beste vert! :)
Ellers fekk vi koselig besøk av mamma og tanteungen min, dei blei til barne t-v og kveldsmat (heimelaga pizza) og tanteungen min på 5 år havna på overnatting! KOS! :)
No ligg samtlige å søv, og det skal eg og i kvart augeblikk! :)
Natta! :)
fredag 4. mars 2011
Frukostkos saman med lillemor!
Good morning! :)
No har eg og lillemor akkurat kosa oss med ein god frukost, i går laga eg meg rekesalat, og den smakte fortreffelig på skiva attåt teen min til frukost idag! :) Lillemor nøya seg med skive med kaviar og med melk attåt! :)
Lillemann ligg godt planta i senga si enda, og storebror er på vinterferie saman med farmora, farfaren og tanta si! :)
Rekesalaten laga eg so enkelt som berre å renske rekene, hakke opp litt purreløk, blande saman passe mengde med majones og rømme, salta og peppra litt, og voila; ein god rekesalat! :)
Teen eg har forelska meg i! :)
Eg og storeguten min kjøpte oss kvar sitt flaxlodd her ein dag, han vann 50 kr, og eg vann 100,- Etter det har vi kjøpt nye for premiane gong på gong, denne gongen vart det eg og lillemann som skrapa kvar sine, då vann han 25 kr, so han skal stad å få seg eit nytt eit idag, trur det er ganske lett å bli speleavhengig, ja! Kjenner adrenalinet kvar gong eg har skrapa fram to ruter der det står 1 million, då pompar hjartet litt ekstra fort... hehe... :) Hadde komt godt med den millionen ja! :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)