Good morning! :)
No har eg og lillemor akkurat kosa oss med ein god frukost, i går laga eg meg rekesalat, og den smakte fortreffelig på skiva attåt teen min til frukost idag! :) Lillemor nøya seg med skive med kaviar og med melk attåt! :)
Lillemann ligg godt planta i senga si enda, og storebror er på vinterferie saman med farmora, farfaren og tanta si! :)
Rekesalaten laga eg so enkelt som berre å renske rekene, hakke opp litt purreløk, blande saman passe mengde med majones og rømme, salta og peppra litt, og voila; ein god rekesalat! :)
Teen eg har forelska meg i! :)
Eg og storeguten min kjøpte oss kvar sitt flaxlodd her ein dag, han vann 50 kr, og eg vann 100,- Etter det har vi kjøpt nye for premiane gong på gong, denne gongen vart det eg og lillemann som skrapa kvar sine, då vann han 25 kr, so han skal stad å få seg eit nytt eit idag, trur det er ganske lett å bli speleavhengig, ja! Kjenner adrenalinet kvar gong eg har skrapa fram to ruter der det står 1 million, då pompar hjartet litt ekstra fort... hehe... :) Hadde komt godt med den millionen ja! :)
2 kommentarer:
Heia! :)
Kjekt å sjå at dokke he det bra å kosa dokke! <3
Verte kjekt med campingvogn til sommaren, tenke det gutane gler sej! Ha en fin søndag! Klem Renate! <3
Heisann Renate! :)
Ja vi gler oss til sommarferie me vogna, skal til Kristiansand, dyreparken å he bestilt oss billetta til Kaptein sabeltann-show, so det blir stas for gutane!! :)
Ellers kjeme vogna til å stå på Bjorli for helgatura! :)
Alt bra me dokke da? He no lyst å kome å sjå nye-huset dokka! Tida til et besøk en dag?? :D
Klem <3
Legg inn en kommentar