(Det blir litt feil med datoar og slikt med dei fyrste innlegga her, pga at eg fyrst oppretta meg ein blogg for nåkren dagar sidan som eg måtte til å sletta, so eg har berre kopiert dei fyrste innlegga, å legg dei inn hit, so det blir ein del innlegg med same dato her, men det går vell bra tenker eg...)
Vil no fyrst og fremst ønske alle som har lyst å kike innom av og til hjertlig velkomne! :)
Ja, no har eg endelig bestemt meg for å lage min eigen blogg, har egentlig nettopp begynt å kike på andre sine bloggar, so eg er eigentlig heilt ferks i faget... So det blir nok litt både prøving og feiling, før det blir heilt bra!
Er ikkje den som set meg lettast inn i nye ting, men skal prøve inn i mellom matlaging, leiking, speling, legging osv, å sette meg litt bedre inn i det.
For å fortelle litt om kvardagen min som han er akkurat no, so har eg to to sjuke born, og ein mann som nettopp har reist på sjøen etter snart eit halvt år heimeverande (pappa-perm pluss fri-perioder), so det vart litt av ein overgong ja...
Det går heilt fint, men litt travelt med bringing og henting av han som skal vere i bhg, med to som ikkje er friske! ...forvarme bilen, bere lissjemora i teppe ut i bilen for at ho ikkje skal få trekk på seg, osv osv, idag valgte eg å ha alle tre heime pga situasjonen! Var forresten hos legen idag med lissjemora som har vore forkjøla i 4 dagar no, feber, ekkel hoste, tett nase og sur mage. Ho hadde visst eit virus i mage og hals, som ho heldigvis fekk medisin for! Storebror hadde også raud og sår hals sa legen som også kika litt på han medan vi alikavell var der, det var ikkje betent meinte han, so han ville sjå an situasjonen til over helga i håp om at han var blitt bedre til då...
Berre for å fortsette på historia; so har eg i tillegg til to sjuke ungar som treng trøst og mykje omsorg, ein heilt frisk, rask og AKTIV fireåring, resten sei seg vel sjølv... :) Arbeidslaus er eg iallefall ikkje! :)
Håper gulla blir snart friske igjen! <3
Lillemor har fått stikk i fingeren hos legen, og storebror ligger på sofaen og prøvar å bli frisk so han kan fare ut å leike seg i snøen igjen... Stakar gulla mine!! <3>
Plutselig høyrer vi rop og skrik frå rommet til gutane, og tenker "kva i alle dager som er gale no!?!"
Kjem springande inn, og det er dette som møter meg, lillemann som har klatra opp på den øverste "hylla" og sit fast, kjem seg ikkje av flekken! "Kunne blitt ganske fredlig om eg berre let han få sitte der ei stund", tenker eg, men samvittigheita tek overhand og hjelper han ned etter å ha knippsa litt med kameraet...! :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar