lørdag 13. februar 2010

Laurdagskos!

Heisann! :)

Idag har eg og ungane våre ein tur på kjøpesenteret, vi satt oss på kafe` der gutane fekk velge seg kvar si kake og sjokomelk, eg kosa meg med kaffi! :) Er kjekt å av og til berre vere saman med gutane, å gjere ting dei vil, eg hadde ingen spesielle ærend, so vi berre gjekk og kika og kosa oss, gutane fekk velge seg kvar sin ny film, kom over eit bra tilbud på notabene, der vi fekk 2 stk for 99 kr. Lissjemora var so snill der ho berre låg i vogna også, merka nesten ikkje at ho var der! Fekk seg ein liten skvett med pupp på kafeen, so var ho fornøgd! :)

Ellers har eg og gutane laga pirogar, eg steikte kjøt osv, og laga deiga, so kjevla gutane ut deiga og fylte på med "kjøtblanding" og ost, og bretta over deiga igjen. Dei synest det er kjekt å vere med på å laga mat! :) Dei et so godt også når dei har våre med på å laga maten sjøl! :)

Pirogane vart iallefall kjempegod, åt dei med salat og gresk dressing til! :)

Ha en fin laurdagskveld!

Klem Sheila

Ingen kommentarer: