Bestemte oss for å ta ei lita shopping-runde på Moa idag, eg, søstra mi, og ungane! (lillemann er på besøk hos farmor og farfar)

Sidan vi ikkje rakk den ferga vi egentlig var tenkt å ta, dro vi på butikken å kjøpte oss litt mat, so frukosten vår at vi på denne benken ved sjøen, koselig! :)

Her sit lillemor, storebror, tante-ungen min og søstra mi å kosar seg i sola mens vi vanta på ferga! :)

Der kjem ho! :)

Lillemor kosar seg med smågodt på ein benk utanfor senteret... Med sekken ho fekk i ferie-gåve med farmora og farfaren, den blei ho straks glad i! :)

Storebror fann denne svære tingen som han fekk veldig lyst på! Mora måtte desverre sei at 10 000 kr har ho desverre ikkje berre sann tilfeldigvis i lommeboka si! :/

Kjekt å prøve bil!

Lunsj ute på ein benk... :)

Storebror vart veldig glad då han plutselig såg Ole Brum utanfor leikebutikken, då måtte han få seg ein god klem! :)

Lillemor fekk seg desse søte Crocksa! :)

Etter at vi kom heim å ha fått i oss middag, bar det på badestranda! Eg, storebror, lillemor og tante-ungen min! :)

Her spring dei i vatnet, kjempekjekt når det endelig blir litt sommar her på sunnmøre! :) Det likar vi!!! :)

Lillemor konsentrerar seg veldig når ho fyller spanna med sand!

Litt kos på marka... :)
No søv dei alle so søtt og godt, eg kosar meg med ei lita skål med M (sjokolade) og nyt stillheita! :)
Takk for idag, og so "snakkast" vi nok i morga! ;)
Klem Sheila! :)
1 kommentar:
Får heimlengsel når eg ser bilda av dokke der heime. Og spesielt så saknar eg mine små søte :))
Legg inn en kommentar