torsdag 7. juli 2011

Heisann! :)


Idag sov vi litt frampå, spiste ein deilig frukost som bestod av eggesalat og røykt ørret, ein god kopp kaffi og med radioen ved sida av, det er ein god start på dagen for meg! :)


Litt ut på førmiddagen, tok vi oss ein tur på biblioteket, lånte oss eit par bøker og eit par filmar... Deretter bar det opp gjennom bakkane på besøk til besta, ho sett alltid pris på at vi kjem på besøk, og diskar opp med kake, kjeks, godteri-skåla si, kaffi og saft! :)




Her er ei lita fante som roter til kleda til mora som heng på tørk! :)




Ein liten snik-fotograf som tek bilde av mora mens ho tømer oppvaskmaskina! :)






Dagens middag!


Oksegryte:

ein god klump oksekjøt steikast i små oppskårne bitar, (krydra det litt med eit slags viltkrydder under steiking)

Ein hakka løk

Ein paprika i strimlar

Ein del opphakka purre

4 poteter i bitar

3 gullerøtter i skiver


ca ein halvliter vatn med buljong som kokast opp før kjøtt og grønsaker has i, og der skal det putre og kose seg i ein halvtimes tid! :)
Vi synest det er godt med loff til! :)

Enkelt og kjempegodt! :)




Til dessert blei det is! :)




Smil! :)



Ha ein fin kveld! :)


Sheila!




1 kommentar:

Liv sa...

Savner dei masse :))må helse dei frå me:)))