lørdag 18. september 2010

Morn morn! :)
Stod opp idag som vanlig i sju tida, lillemor vaknar ganske presist klokka halv seks, og etter det er det mest tull, fyrst skal ho ha seg litt pupp, og deretter er det mest klatring opp og ned av senga, kosing, og makking... Litt travelt eigentlig, sidan eg er so trøtt på den tida, kunna gjerne sove minst eit par- tre timar til... Men men, får nok vente til husbonden kjem heim til å sove frampå, då er det som regel kvar sin tur til å stå opp med ungane, so kjem den andre luskande ei lita stund etterpå...
Men no når storebror har begynt på skule, må vi begge to vere oppe til han skal ut gjennom døra, for då må vi dele oss, ein leverar dei to som skal ut døra, og ein er heime med lillemor.
...litt enklare når man er to. :)
Her sit dei to minste å varmar seg framfor kamina no for ein halvtimes tid sidan...
Deilig å sitte i saccosekken med deilig pledd over seg framfor kamina! :)
Fekk denne aviskorga med søskenbarnet mitt, synest den va so fin! :)





Dette bildet er frå i går på morgonen, storebror har begynt å strikke, i to dagar no, har han nesten ikkje snakka om anna, og etter eit par timars øving fekk han det til! :) So her sit han i saccosekken å strikkar ein vott sil søstra si, sei han! :)






Gutane fekk besøk av ein kompiss i går kveld, det var stas, her sit dei å spelar to-player på ds-ane sine! :)




Vi fekk også besøk av minstesøstra mi i går, ho sov over med oss i natt! Her sit ho og storebror å klipper og limer, kosar seg! :)




Storebror ser fornøgd ut med resultatet! :)
Lisje-tanta konsentrerar seg! :)
På kvelden spelte vi spel, fyrst knerten-spelet, og so jakten på den forsvunnende diamant! :)
Her er det lillemann sin tur å snurre på pila på knerten-spelet! :)


Litt godteri mens vi kosa oss med spela! :)



Ha ein fin søndag, folkens! :)
Klem Sheila! :)

2 kommentarer:

milla sa...

Hei !! Koselig du ville følge bloggen min !! Flotte barn du har ser ut til at dokke koser dokke . Eller DULEDOSER som heiter :) ( KUREKOSER ) Ha ein flott søndag !! KLEM

. sa...

På tide å dra fram skinnfella di no..legg den ned på gulvet så ungane kan kose seg på den.