torsdag 16. september 2010

Kosedag!

Heisann! :)
Sit å kosar meg med ein kopp te, har nyst våre på corebar-trening saman med svigerinda mi, og det gjorde skikkelig godt! :)
Har også våre på shopping saman med svigermor idag, det var -40 % på fleire av butikkane på senteret idag, kjekt! :)
Vi var på ball-middag hos mamma idag, og det var nyyydelig godt! :) Mamma hadde funne denne reia på bruktbutikken og kjøpte den til lillemor, var den ikkje berre heilt hærlig med retrofargar...? :) Må berre kjøpe ein kjetting eller eit kvart so den kjem litt lenger ned frå taket, so blior det bra! :) Lillemor likte den iallefall! :)



I går fekk vi besøk av ei venninde og dei to sonane henna, det var kos, lillemor tykte det var stas med nokon som var enda mindre enn henne! :)


Gutane kosa seg i sofaen med eit spel kompissen hadde med seg! :)


Sidan besøket var planlagt, heiv vi oss rundt å laga ei veldig snerta svissrull-kake! :)

Her kjem oppskrifta:

5 egg
2,5 dl sukker
3 dl kveitemjøl
2 ts baskepulver

Egg og sukker vispast luftig, bland kveitemjøl og bakepulver og vend det i eggedosisen. Strø sukker på ei langpanne klett med bakepapir, og røra hellast på. Steikast på 200 grader i 10 min. (midt i ovnen)

Smør sylte etter ønske på, og rull kaka saman! :)


Spis og nyt! :) Server gjerne med piska krem...



Kveldsmat! :)
Vi et alle måltid samla rundt spisestua, og det er so koselig, ein GOD vane! :)


Brød med steikt egg med smelta ost og krydder, tomatbønner og agurk til! Mmmm...


Lillemor og lillemann, (eller er det spiderman) leikar seg! :)

God natt alle sammen! :)
Klem Sheila!

Ingen kommentarer: