tirsdag 14. september 2010

Fisketur og baking...

Heisann! :)
Idag reiste mannen min på sjøen atter ein gong, like trist kvar gong, sit igjen med ein tom følelse, saknar han allerede! Men no er det berre å byrje å telle dagar til han kjem heim att! :)
Fisketur!
Noko av det kjekkaste gutane veit, er å fiske, so det prøvar vi å gjere saman med dei so ofte vi kan, då er dei i sitt ess! :)
Lillemor følger nøye med på kva brorane styrer på med! :)












Baking!
Eg og gutane slengte på ei gjærdeig, men hadde ikkje bestemt oss for kva vi skulle lage...

Heva seg godt iallefall! :)


Sidan vi var tre stykk som skulle bli einige om kva slags gjærbakst vi skulle lage, blei det rett og slett tre sortar, vi delte deiga i tre, og laga eitt brett med skulebollar, eitt brett bollar, og eitt brett med horn! :)




No er gutane i bhg og på skule, lillemor har akkurat lagt seg for ein liten førmiddagslur, og eg skal legge meg litt i saccosekken med eit teppe og kose meg med God morgen Norge!
Ha ein fin haustdag alle sammen! :)
Klem Sheila! :)

1 kommentar:

liv bente sa...

Du må no vere ekspert på heving av brøddeig :)