tirsdag 8. juni 2010

Dagen idag...

Heisann! :)
Idag har eg og ei venninde våre på trilletur med jentene våre, veret var fint, og vi kosa oss masse! Tok med oss kaffi, kjeks og frukt, og rasta på ein benk. Kasta stein i elva også gjorde vi også! :) ...gutane har våre i barnehagen idag!
Laga pasta carbonara til middag idag! Kjapt og GODT! :)
Tagliatelle pasta kokte eg som pasta skal, 8-10 min, steikte småretts bacon, og helte ein liten kartong matfløte over, salta det litt, det fekk småkoke ei lita stund, før det var klart til servering. Kjempegodt! :)

Det nermar seg 2 veker til husbonden kjem heim, kjenner at eg gledar meg veldig, ikkje berre for at eg saknar han, sjølv om at det saknet sjølvsagt er stort, men også fordi lillemor er ganske krevande på natta for tida... Vaknar kl halv fire på natta, makkar og smågrin til ca halv seks, og då er det morgon, (aaaaltfor tidlig for meg) slik har ho holdt på sidan han reiste, og det er over 2 veker sidan no, so eg kjenner meg litt sliten om dagane, ikkje før rundt middagstider føler eg meg heilt som eit menneske igjen... :) Slik er det å ha små... hehe... :) Skal no eigentlig ikkje klage, for ho er som regel veeeldig flink, so eg lurer på om ho slit med tenner eller noko slikt, og håpar at dette er forbigåande... :)

No er ungane i seng, og eg skal vaske litt klede, ta meg ein varm dysj, smøre meg med ein deilig bodylotion frå Biotherm, (reklamere reklamere) :) hoppe meg i pysjamasen og under eit pledd på sofaen, før eg skal sjå
Frustrerte Fruer, gledar meg, og har kjøpt meg Sørlandschips med salt for anledninga! :)

Ha ein fin tirsdags kveld alle sammen! :)

Klem Sheila! :)

2 kommentarer:

Brabarbra sa...

Kor fine bloggen din he blitt Sheila! Den eksperten alt du blitt :) Og så har du så mange fine og søte bilder her og der! Misunnelig her oppom veien ;-)

Kjedelig at tullemora dokka he litt trasige netter no, så får håpe det snart retta seg.

lisje astrid's husblogg sa...

Hei søta♥
Masse lekre bilder nedover her!
Så flott dekorert det etasjefatet:)
Flinke deg♥

Uff!Håper det rettar seg fort på natta!Dette er ikkje noko særleg...Vi har det slik også..I tillegg så ammar(ja...Eg veit...Mamma MØ)eg..Og pupp vil han helst ha konstant frå i to tida..

Forstår godt du vil ha mannen heim..

Gårskvelden din hørtest herleg ut♥

Takk for sååå fine ord frå deg♥

Nattaklem frå Astrid:)