mandag 21. juni 2010

Besøk og ny rett på menyen... :)

Heisann! :)
Idag har vi våre ute store delar av dagen, med deilig temperatur, og sol, måtte vi berre nyte det! Vi har hatt besøk av sonen til ei venninde idag, sidan han har skulefri, og ho måtte jobbe, og det synest gutane var kjempekjekt! :) Vi var på leikeplassen å reia oss og spelte fotball! Seinare kom lisje-tanta til ungane (mi minste søster) med bussen på besøk til oss, ho skal sove med oss inatt! Ho trilla lillemor, og gutane fekk igjen bli med ho ein tur på leikeplassen. Kosa seg skikkelig ilag gjorde dei! :)
Lillemor i reia si ute i hagen vår... :)
Tante i farta! :)

Her skal lillemor og tante på trilletur! :)



Spinatrett!

Har ei venninde som er frå Kossovo, ho har fleire gongar laga ein rett frå heimlandet sitt, som eg har fått smake på, eg likar den kjempegodt! Idag, endelig, skulle ho lære meg å lage denne gode retten med spinat, ris, steikt løk i masse olje og paprika-krydder, og eit krydder som ho kjøper på Asia-mat... Etter at alt er blanda, lagde vi mange hull i retten der vi helte egg i, eit egg i kvart hull! :) Steikte alt i ovnen i ca 10 min. Spiste det med kun rømme til, kjempegodt! Og ikkje minst sundt, med masse jern i! :) Ungane åt kjempemasse også, so dette skal vi lage fleire gongar! :) (etter at dei hadde ete opp, måtte alle kjenne på musklane deira, å sjølsagt hadde dei vekst!) :)


Mmmm... :)

No har eg og lisjesøster hatt litt kvalitetstid med lakking av negler på hender og føter, fletting av hår, og film-sjåing... :) Kos! :)

Ha ei fin veke alle sammen! :)

Klem Sheila! :)

1 kommentar:

liv bente sa...

Det såg veldig godt ut.