So var det helg igjen... Vekene flyg av stades!
Fyrst vil eg vise dokke desse skjønne glasa med avleggarar som ungane fekk med mormora si, ho hadde laga ein til kvar, som dei skal vatne og ta vare på! :)

Overnattingsbesøk! :)

Gutane har søskenbarnet sitt på overnatting inatt, her har dei lagt seg og les i ei spennande bok! :)


Dior-party!

For å feire dette, inviterte sjefen oss på grill-party i går-kveld! Ho hadde laga to fantastisk nydelige steiker, ei frå svin og ei frå storfe, ein kjempegod salat, potetbåtar, nokren aldeles nyyydelige spanske pølser og to sortar sausar! Vi vart aldeles bortskjemde! :) Ho er skikkelig flink til å lage mat! :)
Når vi kom, fekk vi servert champagne, og resten av kvelden kosa vi oss med vin! :)
Sjå berre kor vi skålar og kosar oss på bildet, satt ute heilt til klokka vart halv ett! Ein heilt hærlig kveld! :)
Dior-gåver!
Dei fire som har over 50 % stilling vann seg kvar si veske til verdi 10 000 kr, mens eg og ekstrahjelpa også var so heldige å få dette skjønne skrinet! :)

Av ei eller anna årsak blei dette bildet på "skeiva", men dokke ser skrinet innvendig, 6 skjønne fargar øyenskygge! Heldige meg! :)
No skal eg slenge meg nedpå sofaen å berre slappe av før eg skal legge meg, so dokke får ha ein fin fredags-kveld alle sammen! :)
Klem Sheila! :)
2 kommentarer:
Så fin blogg du har! Eg har kosa meg med å lese og sjå bilde frå mange innlegg i kveld:) Håper minstemor går med på å sove litt meir i natt, det er ikkje morsomt å vere så trøytt!
Eg fekk lyst på reker! Kanskje det blir reker i morgon her i huset....
Å, kor dei kasa sej :)
Ja ditta va sikkert stas for alle tre.
Legg inn en kommentar