fredag 4. juni 2010

Gavedryss! :)

No skal eg ut å nyte sola, fekk berre litt ånda til å legge inn eit lite innlegg av nåkren fine gåver eg har fått dei siste dagane... :)
Dette bilde/ramma, fekk eg av mi mor her om dagen, ho hadde laga det sjølv, av ei gammal ramme, mala den, limt blonder på, eit bilde av meg som lita pie, og skreve nattbøna som ho bad til oss kvar kveld då vi var små... Skikkelig skjønt var det! :)

Her sit eg i stolen hos fotografen, 5 mnd gammal. Lillemor er veldig lik slik eg var som baby! :) Det er veldig koslig, for begge gutane våre er mest lik på faren! :)

Denne steinen hadde mamma også med til meg, det er ein slags luktestein, veit eigentlig ikkje heilt kva det er, men den luktar heilt fantastisk, lagar ei deilig duft i heile rommet, men ikkje for mykje lukt heller... :)


Denne temperaturmålaren hadde ho i stua si, men det passa liksom ikkje heilt til stilen hennar, so eg fekk like so greit det og! :) Snilde mora mi... :)
Tusen takk! :)


Her om dagen, på tirsdag, hadde eg vennindeklubb, då kooosa vi oss med deilig pastasalat, og oreokake til dessert. Prata om laust og fast, og flira ein god del, det er so kjekt å samlast slik ein gong i månen! :) Vi er ein hærlig gjeng! :)


Ei av vennindene mine hadde med seg denne søte buketten til meg, sniiilde Renate! :) Tusen takk! :)


Ha ein fin juni-dag alle sammen! :)
Kos frå Sheila! :)

Ingen kommentarer: