mandag 9. august 2010

Familieselskap!

Heisann! :)
Blei ikkje innlegg med meg igår, tida strakk rett og slett ikkje til...
Dagen starta med å lage kake, klokka var sann ca 7... Ikkje fordi eg hadde så lyst å stå opp å lage kake då, men lillemor våkna kvart over seks, og skulle ikkje ligge lenger, då var det berre å stå opp, stelle henne å gi henne graut. Etter det, var det berre å starte på "ting som måtte gjerast-lista"... Siste laget på ostekaka måtte lagast, marsipankaka måtte lagast, muffins, og kutte opp salat og alt det andre til tacoen, forsteikte kjøttdeiga som eg igjen berre varma i steikeovnen like før gjestane kom...
Tok ein liten pust i bakken, og åt frukost og tok ein kopp kaffi på altanen, det gjorde godt! :)
Slik går det når man stressar! Kløyvde naglen på tåa då eg ramla i trappa! ...med den nylaga marsipankaka i handa, det gjekk heldigvis bra! :)


Storebror fekk kaker også idag! :) ...no har det våre mykje feiring i det siste altso! :)


Sidan vi feira både lillemor og storebror:...dekka eg eine bordet med rosa lys og serviettar!



...og det andre med blå lys og serviettar!

Kakebordet!
6-årskaka som farmor laga, den var kjempegod!









To søte jenter! :)


Lillemor pakkar opp pakkar! :)


Lang dag for ein liten kropp, lillemor kosar på fanget til mamma! :)

Nåkren av dei fine gåvene til lillemor...


Skjønne kjolar! :)





Søt bamse og historiebok! :)


Fine klær! :)



Nåkren av gåvene til storebror! :)


Storebror ville bygge lego-star wars-skipet som han fekk til bursdagen, vi var litt skeptisk på om vi sulle få det til sidan pappsen fortsatt er på sjøen...
Mens eg og storebror bygde lego, fekk lillemor tak i restane av skiva til storebror med nugatti på, gjett om ho blei gal, ditta var godt "sa ho"....


Trur ikkje dokke at eg og storebror greidde å bygge heile skipet heilt åleine!!! :) Sooo stolte vi var, både mor og barn! hehe... :)


Eg, lillemor og storebror trilla i bhg idag for å hente lillemann, det synest han er kjekt, men etter ei stund, var dei små føtene litt trøtte av dagen, so lillemor delte gjerne vogna so med han! :)

Det var det eg hadde for idag! :)
Ha ein fin mandag! :)
Klem Sheila! :)

1 kommentar:

lisje astrid's husblogg sa...

Hei superdama:)

Du er berre knall flink!

Ikkje mange som kan måle seg her!
Stakkar,..tåa di såg ikkje heilt god ut:(

Men,veldig bra at kaka klarte seg!

Og selskapet såg veldig kos ut:)
Glade ansikt:)

Og maaaange flotte gåver!

På det første bildet ser eg huset til mi oldemor Astrid..Ah!Der har eg mange herlege og gode barndomsminner♥
Skulla egentlig ha vore vårt hus..Men,vi hadde desverre akkurat kjøpt hus då det vart seldt..

No må du hugse å kvile deg litt!

Ei god ny veke ønskast♥

Klem frå Astrid♥