onsdag 28. april 2010

Ventetid...

Hei! :)
I kveld kjem min kjære mann heim frå sjøen, sit berre å tel timar, han kjem rundt midnatt! :) Det blir spennande å sjå reaksjonen til ungane imorga-tidlig når dei kjem springande inn i senga til meg, og der ligg pappsen! :) ...eg har ikkje fortalt dei at han kjem i kveld, ellers hadde dei aldri villa lagt seg... :) Til min kjære har eg kjøpt roser, må gjere litt stas på han! :)
Kvite roser blei det denne gongen! :)

Kjøpte meg eit nytt smykke idag, eit litt kort, rosa perle-kjede! Eg er veldig glad i perler! :)
Det er det som heng heilt til venstrepå dette kjede-stativet!
Synest låsen var so nydelig, sølv-lås med magnet, so det er lett å ta på og av! :) Likar når ting er både fint og praktisk! :)

Kjøpte meg også ein ny kopp! :)

Denne turkise kjøpte eg idag, litt dårlig lys då eg tok bilde...
Denne lime-farga hadde eg frå før, dei er frå Wedgewood! Kjempefine tykkjer eg! :)

So har eg baka brød idag, prøvde ei av oppskriftene til Morten Schakenda! Vi har prøvd fleire av hans oppskrifter før, han likar at brøda skal heve i 7 timar pluss... Det orkar ikkje eg, so i staden for å bruke 15 gram gjær som han skriv, brukar eg 50 gram og let dei heve i ein time fyrst, og etterhevar dei omtrent like lenge, tykkjer det er nok eg! ;)



Ferske skive med brunost til kvelds idag ja! :) Mmmm...

Ha ein fin kveld folkens, eg skal finne på eit kvart slik at dei to siste timane av nedtellinga går FORT! :)

Klem Sheila! :)

4 kommentarer:

Anette (Hvit Romantikk) sa...

Så koselig du har gjort i stand til mannen din kommer hjem, herlig ! ♥ Blir nok veldig godt å få han på plass igjen kan jeg tenke meg. :)

Nydelige kopper, de likte jeg godt. ♥

Kos deg med din kjære ! ♥

Nattaklem Anette

lisje astrid's husblogg sa...

Herleg innlegg♥
Flink du er :)
Dei brøda såg kjempe god ut!Min mann kjøpte denne boka til morsdagen til mi mamma..Eg trur eg må låne den for å prøve litt av baksten hans..Bakverket i bakeriet i Lom er iallefall heilt fantastisk♥
Tenker det var ei fryd å få heim igjen mannen/pappsen:)
Sjølvsagt var det svarte skrivebordet seldt:(
Så her leitar eg fortsatt;)
God torsdagskveld til vakre deg♥
Klem frå Astrid:)

Elis@beth sa...

Så koselig du har ordnet!
Har også de koppene-de er bare sååå fine!!

Ha en fin helg lamme mannen og barna!

Stor klem!

sylvia sa...

hei.
så koselig å få mannen hjem,tenker ungene ble glad.
ønsker dere alle en fin helg,
klem fra sylvia