lørdag 17. april 2010

Laurdags-kos!

Idag har det våre surt og kaldt ute, då er det godt å fyre i ovnen! :)
Då sit eg og gutane nermast oppå kvarandre i saccosekken og kooosar oss! :)
(...berre eit bilde eg knipsa mens eg farta rundt her! ;)


Fekk pengar med tanta og onkelen til husbonden til å kjøpe noko til lillemor, og for dei kjøpte eg henne eit nytt kvitt vårantrekk, linbukse som eg trur er meint som capri...(?) og ein fin bomulls-cardigan med hekla detaljar i kragen! Søøøt! :)
Og so greidde eg ikkje å gå forbi denne skjønne boksa, og sidan lillemor hadde litt pengar til gode, kjøpte henne denne også frå gamle-tanta og gamle-onkelen, som ho kan ha kort eller ting ho samlar på i...
Synest det vart ei fin gåve frå dei! :) Boksa kan ho ha som eit minne for alltid! :)

Hmmm, dette bilde skulle eigentlig "ligge", men det vart visst ståande, men men...
Kjøpte for ei stund sidan ei 45 x 50 pute med eit enkelt putetrekk til, og hadde liggande dette strykemerket som eg ikkje visste kva eg skulle bruke til... Det havna på denne puta, og vart ein fin dekor til sofaen, pluss at puta er ganske god, både dekorativ og praktisk er ikkje verst! ;)
Idag har eg og ungane våre på besøk hos ei venninde og sonen hennar, som er på same alder som lillemann, gutane leika og kosa seg ilag! Venninda mi er høggravid og ventar baby når som helst, kjempe-spennande! :)
I kveld har eg og gutane laga oss pizza! ...kosa oss med laurdagsgodteri, og eventyr om den hodeløse rytter i senga! No søv alle engle-ungane trygt og godt, og eg sit her med teppe rundt meg og lev meg passe bra inn i Blogglandia! :)
Koooosedag! :)
Ha ein fortsatt fin laurdag!
Klem frå Sheila!

1 kommentar:

Husmora sa...

Heisann snuppa.

Godt å høyre dokke kosa dokke, sjøl om pappsen e vekke =)
Du skulla gjerne ha fått komt hit ja =)
Her vart det "Menn som hater kvinner" og litt rødvin ut på kvelden.
Bra film og god vin =)

I dag he vi kosa oss med hårklipp på gutta.
På alle tre... berre mamsen som ikkje fikk tatt "sveisen".
Niko funderte på om ikkje pappa kunne klippe mamma... hehe... ja særlig :)

No skal vi til me middag her, før vi skal i selskap til søskenbarnet som blir 10 år =)

Ha en kjempe fin søndag! :)

klem =)