mandag 26. april 2010

Brukt gavekort og koselig selskap! :)

Hei! :)
Idag har eg endelig brukt det 2 år gamle gavekortet som vi fekk av forlovaren min i bryllaupsgåve! Har ikkje villa kjøpt noko berre for å kjøpe noko, ville at det skulle vere ein ting eg kunne ha foralltid! Gåvekortet var på ein lampebutikk, der dei også selger litt bilder. Eg har vore innom å kika monge gongar, men ikkje før idag sa det "pang", eg fallt for dette bildet, eller maleriet som det eigentlig er! Synest det var spesielt og tidlaust, no må eg berre finne den perfekte plassen til det! :)
På ein butikk på senteret fann eg denne skjønne dongeri-jakka til lillemor, greidde ikkje gå forbi! :) Tenk kor fin ho skal bli til sommaren i kjole og dongei-jakke! Søøøta mi! :)Velkomen-skilt, på dette skiltet har eg brukt å bytte ut skrifta med "god jul", "god påske", osv til diverse anledningar, men til vanleg ønsker det gjestane våre velkomen! :)
Kjøpte også idag lillemor si fyrste bok, kansje litt tidlig, men det er eigentlig berre ei peikebok, med lappar der vi kan kjenne på "pelsen" til dyra, både eg og lillemor tykte den var koslig å kike i, peike på å ta på! :)
På t-v benken!
Desse to tinga (vasen og "aladdin-lampen") fekk eg med husbonden ein gong han kom frå sjøen, han hadde kjøpt dei i Egypt... Alltid kjekt når han kjem heim med fine suvenirar! :) Snilde mannen min! :)


Fine detaljar på dei! :)


Vi har også våre i selskap til mi kjære mor idag, ho fylte år, og det måtte sjølvsagt feirast! :) Vi var der 5 av 6 sysken, med våre 5 barn (tilsaman altso! :) ...broren min bur i Bergen og hadde ikkje anledning å vere her saman med oss, men vi vart no ein bra gjeng uansett! :) God mat og kaker, og kjekt selskap er kos! :)

Veit ikkje om det var gøyme og leite dei heldt på med eller kva det var, men uansett fann minste-søstra mi desse to luringane opp i papir-dunken! :) Min sin minstemann og søskenbarnet! :)
Dei er so hærlige! :)

Ha ei fin veke alle saman! :)

Klem Sheila! :)

2 kommentarer:

sylvia sa...

hei på deg.
nydelig bilde du fikk kjøpt,
ja viktig at det er noe vi vet vi liker som blir med hjem,
å herlig jakke,
så kjekt med gaver fra mannen,
ønsker deg en nydelig dag,
klem fra sylvia

Guttemamma sa...

For et herlig innlegg og så heldige dere er som er så mange søsken!!