mandag 7. juni 2010

Helga vår! :)

Heisann! :)
Vi har hatt ei heilt strålandes og innhaldsrik helg!
Var litt rundt å kika i butikkar på laurdagen, og kom over dette etasjefatet på halv pris hos Mester grønn, syntes det var kjempefint! :) ...fyllte det med masse småting, pluss ein liten bukett som gutane kom med, eg lurer på om det eigentlig er ugras, skjønt uansett! :)

Her får etasjefatet stå, på skrivepulten i spisestua! :)
Tivoli!
Gutane hadde venta heile helga på å få fare på tivoli, dei stooorkosa seg! :)

Her sit dei i dragen saman med farfar, litt skummelt, det for kjempefort og bråka noko enormt, so då er det trygt å sitte i armkroken til farfar... :)


Tøffingane mine! :)


Sukkerspinn høyrer med! :)
2 års-selskap!
Her sit bursdagsbarnet saman med meg og lillemor, husbonden er onkel til denne kjekke karen, og det gjer meg sjølvsagt til tante-Sheila! :) Koselig selskap med masse gode kaker! :)
Søndagstur på stranda!
Her er lillemann og lisjetanta si, minstesøstra mi, ho er so flink med ungane, dei kosar seg saman med ho! :) ...dei måtte uti sjøen å bløyte seg litt sjøl kor kaldt vatnet var! :)


Gutane, tanta og mormora! :)

Idag har eg og ungane berre teke det med ro og kosa oss eigentlig, vi gjekk oss ein tur på butikken og handla det vi trengte til dagens middag, eg hadde ein pakke pølser som måtte brukast idag, og då kjøpte vi ein pakke pølsegryte-pakke, potetmos, og ost. Laga pølsegryta som oppskrifta viste, laga potetmos (slik frå pose) La gryta i ei ildfast form, og la potetmosen over og gratinerte med ost, i bakarovnen i 15 min på 180 grader, godt og sooo ennkelt! :)
Trilla oss også ein tur på leikeplassen i fineveret! :)
No skal ungane badast og leggast etterkvart, so dokke får ha ein fin mandagskveld! :)
Klem Sheila! :)

1 kommentar:

Livet i Rudvegen 8 sa...

Hei Sheila:)
Tusen takk for herlig kommentar! Ej sjekka bloggen din kvar dag, alltid kjekt å sjå ka dokke finne på. Å ikkje minst sjå kor fint du he det heime:)
Såg at du hadde skreve at dokke ikkje skulle bruke Enya lenger, det kan hende ho sette pris på navnet når ho blir større. Ej villa ha beholdt det til ho kunne bestemme sjøl, å kalt ho Matilde no:) Å so husbygging! spennande:) gler meg til ka dokke finne ut..men off..forstår dilemmaet ditt. Vi skal heimatt 25 juni, Yvonne skal gifte seg 26:) men skal vere heime ei stund...kanskje vi kunne møtast?:)
klem