søndag 20. juni 2010

Bursdagsfeiring!

Heisann! :)

Idag har det våre nydeleg ver, plutselig kom sommarfølelsen vi lenge har venta på! Håpar dette varer!!! :) Gutane har teke ferie frå barnehagen også no, so no ventar vi berre på at pappsen skal kome heim so vi kan fare på tur! :)
Besta fyllte 82 år idag, og det måtte sjølvsagt feirast! :)
Her sit ungane mine saman med oldemora si! Dei hadde laga fine kort til henne, og perla fine former som vi strauk, besta vart sjølvsagt kjempeglad! :) Ellers fekk ho også ei fin skål, og eit perlekjede med oss, som ho også vart kjempeglad for! :) Besta hadde laga bløtkake, sjokoladekake, vannbakkels, ellers andre småkaker, jordbær og piska krem, typisk sunnmørsk kakebord! :) Mmmm, kor vi kosa oss! :) Tanta mi, onkelen min og søskenbarnet mitt var der, søstra mi og sonen hennar, som forøvrig også var på middag hos oss idag... (kyllingfilet, ris, salat og fransk kyllingsaus, som eg sjølsagt glømte å ta bilde av...) Ei venninde av besta var også der og pappsen min, so det var eit hyggelig selskap! :)


Her sit lillemor i jordbær-kjolen sin! :)


Eg, besta og ungane! :)


Oldemor hadde maaange gulldyr like ved hagen sin, og det var spennande det, dei fekk kvar sin plastkopp å samle i... Resulterte sjølvsagt i at dei blei tekne med inn i husvarmen, og etter få uoppmerksomme augeblink, måtte vi alle ned på kne å fange alle dei som hadde stokke av... Besta kom med moppen sin og slo laust, "er her fleire no, lever dei iallefall ikkje..." sa ho fornøgd! :) ...veit råd ho besta! :)
Laurdagskos!
Sjølv om eg og gutane er heime åleine, må vi alltid markere at det er laurdag! Då lagar vi god mat som vi et i stua, det synest dei er stas, for det er berre ein "laurdagsting"... :) Gårsdagens kveldsmåltid var taco! :) Litt lenge sidan vi hadde det no, so det smakte godt! :) Her sit alle tre skattane på rekke og rad, eg er verdens stoltaste, rikaste, heldigaste mor på jord, elskar desse skjønningane meir enn ord kan beskrive!!!
Ha ein fin søndags-kveld folkens, no er det natta på meg! :)
Klem Sheila! :)


1 kommentar:

lisje astrid's husblogg sa...

God kvelden snuppa♥
Å JA!No MÅ sommaren kome!
Vi berre TRENG det!

Sååå søte og gode barn♥
GRATULERER med beataen♥
Ho ser ut til å vere ei flott dame!


Å lisje skatten i jorbærkjolen...SMELT...Sååå nydeleg♥

God ny veke,kjære gode deg♥

Nattaklem frå Astrid:)