Heisann! :)
Ja, so er denne helga også over, godt er det synest eg! Ser kun fram til at min kjære skal kome heim att eg no, so er glad for kvar dag som går! :) 4 dagar igjen, gleeedar meg! :)
I går, på laurdag, tok eg, svigerinda mi og svigermor oss ein liten tur på kjøpesenteret, der fann eg denne "korga" til å ha post i, tenkte den var grei til å ha posten til husbonden som eg "samlar opp" mens han er vekke, når eg har ei slik fin korg til å ha det i, treng eg ikkje gøyme det vekk dei 4/5 vekene han er vekke... No ligg posten dekorativt å ventar på han! :)
Den står sjølvsagt på den nye/gamle skrivepulten som eg nettopp mala...
Det får stå på tallerkenhylla! ...enn so lenge iallefall! :)
Den står sjølvsagt på den nye/gamle skrivepulten som eg nettopp mala...
På same butikken, lurer på om den heiter "Engledryss"...(?) fann eg dette sink-huset på halv pris, då greidde eg ikkje dy meg... :) Synest det var søtt med hjerte på! :)
Det får stå på tallerkenhylla! ...enn so lenge iallefall! :)
Sjølv om at det berre er eg og ungane heime no, ville eg lage til ein skikkelig go-middag idag på søndag!
Då vart det svinekottelettar, dampa poteter og brokkoli, og sopp/fløte -saus! Det var himmelsk godt! :)
150 g friske sopp champinjong og/eller kantareller
2 ss margarin
1 dl vatn med kjøtbuljong
2 dl matfløte
1 ts soyasaus (kikkoman)
1/4 ts pepper
1/2 ts salt
nokren dråpar negro (sukkerkulør)
Del soppen i skiver, smelt smøret, og fres soppen til den har fått gyllen farge.Hell over buljongvatn, fløten og kikkoman og kok opp. Tilsett salt og pepper. La sausen koke i ca 10 min til den tjuknar lett. Negro i mot slutten.
Til dessert idag, laga eg og lillemann sjokolademousse og vaniljekrem, og so tok vi opp litt skogsbær frå frysaren og hadde til, det var GODT! :)
Eit godt måltid berre MÅ avsluttast med dessert! :)
Det er eg og gutane heilt einige i! :)
Lillemor er også glad i mat! :) ...men dessert får ho ikkje enda stakar! :) Heldigvis veit ikkje ho kva ho går glipp av enda! ;)
Ønsker alle ein fortsatt fin søndag, og ei fin ny veke imorgon! :)
Klem Sheila!
4 kommentarer:
Korgen og sinkhuset var kjempelekkert! Og du har innredet tallerkenhylla og pulten så flott!
Nam, dette så godt ut! Må kanskje prøves en dag! Takk for at du deler oppskrift ;)
Ønsker deg også en fin kveld, og en hærlig uke! En dag mindre igjen imorgen ;)
Klemmer!
Jeg har brevkurven og sinkhuset, veldig fine begge to ! ♥ Nydelig tallerkenhylle også. ♥
Middagen så knallgod ut, er skikkelig sulten her ! :) Hihi...
Og for en nydelig liten prinsesse du har, kjempesøt ! ♥
Klem Anette :)
Hei ♥
Ååååå så heldig du da!!! Kjempestilig begge to tinga!!!! ♥ Digg!
Du og middag also!!!! Trur du e like mej , ej oxså diska opp med flotte middaga og ej elska å lage mat!! ♥ Da kosa vi oss masse!!!
Og oppskrifta tek ej med mej!! Tusen takk ♥
Såg nydelig lekkert ut!!! ♥
Kjempeflink Sheila!!!
Ha en fin søndag vidare ♥
Klem Hege
HEI♥
Tusen takk for kos helsing♥
I salaten har eg berre agurk,tomat,paprika ,purre og salatblad..
Steiker kyllingen i tandorrikrydder.Eit must er Sweet chilisausen(santa maria) og rømme til.
Grunnen til at eg ikkje blad\nda det var at det var litt varmt enda,då vert det så blaut når ein blandar det.Eg brukar fullkornris.
Eg har også denne korga til post i.Det er alltid litt post liggande,då er det greit å ha det samla og ikkje minst dekorativt!Det likar vi;)Hehe:)
Desse sinkhusa er sååå lekre!Eg har eit som eg har spraya kvitt og eit som eg skal ha ute på min "prosjekt" altan;)
Likar kjempe godt dette skrivebordet ditt!Wooow!
God ny veke♥
(forstår godt at du teller ned dagane no;)
Klem frå Astrid♥
Legg inn en kommentar