onsdag 26. januar 2011

Hei! :D


Då er eg her igjen! Eg har tatt meg ei looong bloggepause, men sjølv om at eg er tilbake no, lovar eg ikkje innlegg kvar dag, det må bli når eg kjenner for det, når eg har noko å blogge om, når eg har tid til overs, osv... :)


Med ein mann som er på sjøen i nermare 5 veker og knappe 3 veker heime, ein skulegut, ein gut i bhg berre 3 dagar i veka, og ei jente heime på fulltid, klesvask, lekser, hus-stell osv osv, strakk tida liksom ikkje heilt til! Men no har eg fått meg ei pause, og kjenner at eg saknar bloggen min, og då var det på tide å ta oppatt gleda! :)




Fyrste bilde eg har lyst å vise dokke er frå då vi fekk hyggelig besøk av den utrulig tøffe Lilli Bendriss, ei svært positiv og trivelig dame! Ho er nemlig oppvaksa i huset vårt, og hadde ønske om ei lita omvisning i hennar barndomsheim, det var spesielt og veldig kjekt! :)





Her er eit bilde av dei tre skattane våra, som kosar seg i akebakken! :)




Dette bilde er frå dagen idag, etter eit koselig besøk hos ei god venninde, blei eg inspirert til å bake! :)

Ho serverte oss ein deilig lunsj med havrebollar ho hadde baka sjølv!



Gutane var klare då vi kom heim, vi greidde sjølvsagt å få med oss oppskrifta på dei nydelige bollane, som eigentlig likna mest på nåkren tjukke kjeks, smakte fortreffelig med smør og brunost på! Mmmm... :)





Her kjem oppskrifta om nokon skulle vere interessert! :)



HAVREBOLLAR!

8 dl havregryn
6 dl kveitemjøl
3 dl sukker
8 ts bakepulver

Bland dette saman,


100 g smør skal smuldrast i det tørre
5 dl lunka melk


Legg på plata med skei, steik på 225 grader i 10-12 min nederst i ovnen!


Smør eventuelt smør og pålegg på undersida av "bollen"... :)





Dagens siste bilde er av meg og husbonden den dagen vi "feira" 10 års kjærastedag! 2. juledag var det 10 år sidan vi blei kjærestar, og dagen måtte forevigast med eit bilde, her på tur på "fjellet"... :)


Ha ein fin kveld alle sammen! :)




Klem Sheila! :)


3 kommentarer:

Anlen sa...

Velkommen tilbake til bloggverda;) Det kan vere godt med litt pause av og til! Flotte bilde av familien!

Anonym sa...

Var innom bloggen din idag :)
Klem fra mamma.

Livet i Rudvegen 8 sa...

So kjekt at du er tilbake Sheila:) Alltid kjekt å lese om kva dokke styre med. Å du er so flink og god:)