mandag 31. januar 2011

Mandag...

Heisann! :)
Idag har eg og lillemor kosa oss heime heile dagen, storebror har våre på skule, og lillemann i barnehagen, so eg lillemor har hatt oss ein middags-strekk på sofaen, bada og baka litt, og gjort litt huslige ting, slik som klesvask og rydda og sortert litt på på soverommet, hærlig! :)


Her er ho, søta mi! :) Ho er so hærlig! :) ...årets Lano-unge?? :)




Måtte berre inn å knipse eit bilde av lillemann som låg so fint å holdt rundt bamsen sin, "Blå" heiter han, og han er minst like stor som han sjølv. Tenk berre då han hadde sprinkleseng, og "Blå" absolutt skulle ligge ved sida av han, so vidt det var plass til han sjølv oppi den lisje senga, men no søv han nede i ei familiseng (dobbelseng nede og køyeseng oppe der storebror søv...) So no han han plass til både "Blå", tigergutt, Nils, Buzz og Woodie! :)


Storebror hadde med seg ein kompiss frå skulen idag, so dei gjorde lekser ilag, og kosa seg med nysteikte bollar, og litt nintendo Wee etterpå... :)
Nedtelling!
No er det 3 dagar til min kjære kjem heim frå sjøen, har gleda oss lenge no, so det skal bli godt å få han heim etter 5 longe veker, heilt nede i Papa New Guinea har han våre, eller er fortsatt rettare sagt... So han har ei long reise framfor seg!
God tur kjære!
Då tek eg kveld, God natt! :)


1 kommentar:

lisje astrid's husblogg sa...

God morgon:)
Kjekt å ha deg til bake♥

Herlege bilder du viser:)

God tysdag:)

Klem frå Astrid