fredag 30. juli 2010

Jobb, middag og overnattingsbesøk! :)


Heisann! :)



Idag har eg våre på jobb, eg jobbar på Parfymelle, der eg trivast kjempegodt! :)



Etter jobb henta eg gutane som var i barnehagen, og deretter bar det strake vegen til mora mi som hadde laga middag til oss, på menyen idag stod det ostesnitzel med poteter og diverse grønsaker, kjempegodt å få maten servert etter jobb! :) Snilde mora mi! :)


Her sitter heile gjengen; lillemor, gutane, tante-ungen min, mamma, to minste søskena mine, og onkel (eldste broren til mamma) ... Koslig!



Mamma passa lillemor mens eg var på jobb! :) Dei hadde trilla tur, og kosa seg! :)



Tante-ungen min hadde lyst å bli med oss heim, og tante-Sheila greier ikkje seie nei! :) Gutane kosa seg i senga! For anledninga bar eg inn ein liten t-v vi hadde på loftet og kobla på dvd-en, so i kveld er det film i senga... :) Gjett om det var stas! :) Har ikkje høyrt eit knyst sidan dei la seg... :)

Ha ein fin fredagskveld, folkens! :)
Klem Sheila! :)

1 kommentar:

liv bente sa...

Å kor dei kosa seg då :)