lørdag 9. juli 2011

Kosedag med ungane!

Idag tok vi turen til Vik...


Kosa oss på kafe` med kake, is, kaffi og kuli! :)




Lillemann syntest det var godt med softis! :)



Det syntes storebror og! :)





Lillemor valgte seg ei gullerotkake med appelsin-kuli til! :)




Min "lunsj"... :)




Storebror fallt for ei "skinn-jakke" på butikken, denne måtte han berre ha, "det er ei motorsykkel-jakke", sa han... "Og den gamle skinnjakka tek til å bli for lita", fortsatte han, "lillebror kan få den...!"
Og mora greidde ikkje seie nei... :)






Lillemann forelska seg i desse joggeskona, "dei var berre soooo tøffe, og sooo deilige å ha på", sa han... "Og so står dei til jakka mi", og det hadde han jammen rett i, for den går i akkurat samme blåfargane! :) ...han har det sikkert frå mora! ;)





Etterpå måtte dei prøve Hello-kitty bilen, ja, mens den stod stille da, for eg hadde ikkje tilfeldigvis nokon tiar på meg, og kitty-bilen tek ikkje visa... :/






Etter at vi hadde våre på matvare og handla litt til helga, og eg stod å putta varene i posar, ville gutane gå ut i bilen, og det fekk dei låv til... Men då eg kom i bilen, var der ingen gutar inne i bilen, då høyrer eg fnising bak dette treet, og joda, der stod dei å flira av mora som "leita" etter ungane sine! :)




Eg og lillemor! :)






Då vi var på kjøpesenteret fekk dei 20 kr kvar som dei skulle få bruke på det dei ville, for pengane kjøpte dei vannballongar, so når vi kom heim blei det vannkrig! :)




...og etterkvart blei det pølse med brød til middag/før-middagsmat! No til kvelden skal vi kose oss med lasagne! :)





Ein gåtur blei det også på oss i ettermiddag, sola kom fram å vi følte behov for å lufte oss litt! :) Lillemor tok med seg ho "Anna" i dukkevogna si! :)





På turen traff vi også på ein pus, lillemor elskar pusar, kansje på tide vi får vår eigen...? :)



No sit ungane å kosar seg med barne t-v godteri, og eg skal hive meg rundt å lage lasagne til kvelds, so dokke får ha ein fin laurdag alle sammen! :)


Sheila!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Tøff jakke og tfine sko dei hadde fått seg :)) Og Rosa mi var så søt :))

Livet i Rudvegen 8 sa...

So koslig å lese om dagen dokka Sheila:)