søndag 17. juli 2011

Vaffelsteiking og morfar sin bursdag...

Gutane på kjøkkenet til besta! :)





Lillemann hadde so lyst å lage vaffler idag, før eg hadde råkke å svart om det var greit eller ikkje, hadde han allerede tatt ut melk og smør av kjøleskapet, og mjøl og sukker frå kjøkkenbenken, det visste han skulle oppi vaffelrøra! Det var greit det, han skulle få lage vaffler! :) Men vi laga klar røra, og tok den med oss opp til besta for å steike dei der å dele med dei som var der..! :)
Her står lillemann og steiker!



Gode var dei iallefall! :) Gutane kosar seg i lisje-sofaen til besta! :)




Eg og lillemor! :)





Her ligg nåkren av vafflene til lillemann på eit fat, han var svært nøgd med resultatet! :)





Lillemor tykkjer det er stas når besta spring om kapp med ho! :)







Idag hadde verdens snildaste, godaste og mest omtenksomme morfar blitt 84 år om han fortsatt hadde levd, saknar han so ubeskrivelig mykje!


Gutane hugsar han godt og har svært fine minner frå tida han levde, han hadde alltid tid, leita alltid fram leiker, frukt, litt snop inn i mellom då vi kom på besøk, hadde dei på fanget og song songar til dei, songar som dei syng på den dag idag... Det er so ufattelig trist å miste nokon som betyr so mykje for en! Dei sei at tida leger alle sår, men eg veit ikkje heilt, tenker på han kvar dag, tek han fortsatt med i kveldsbøna kvar kveld, og det er fortsatt låkt å sjå navnet hans på gravsteinen... Det er sjølvsagt ikkje like låkt som det var med det samme, men det er eit sår som ikkje vil gro, om det kan vere ein måte å seie det på... Heldigvis har vi alle dei gode minna i hjerta våre!


Saknar deg morfar!







Ungane hadde plukka med seg blomster...








...og vi tente lys til han, og song til og med bursdags-songen til han! :) Gutane blei enige om at vi skulle ta den på engelsk, og slik blei det! :)




Ungane har også nettopp mista både ein oldefar og ei oldemor på mannen min si side, dei fekk også lys tent i lykta si idag, og ein bukett med markblomster! :)



Takkar dei alle for gode minner...





Sheila!

Ingen kommentarer: