Hei! :)
I kveld kjem min kjære mann heim frå sjøen, sit berre å tel timar, han kjem rundt midnatt! :) Det blir spennande å sjå reaksjonen til ungane imorga-tidlig når dei kjem springande inn i senga til meg, og der ligg pappsen! :) ...eg har ikkje fortalt dei at han kjem i kveld, ellers hadde dei aldri villa lagt seg... :) Til min kjære har eg kjøpt roser, må gjere litt stas på han! :)
I kveld kjem min kjære mann heim frå sjøen, sit berre å tel timar, han kjem rundt midnatt! :) Det blir spennande å sjå reaksjonen til ungane imorga-tidlig når dei kjem springande inn i senga til meg, og der ligg pappsen! :) ...eg har ikkje fortalt dei at han kjem i kveld, ellers hadde dei aldri villa lagt seg... :) Til min kjære har eg kjøpt roser, må gjere litt stas på han! :)
Kvite roser blei det denne gongen! :)
Kjøpte meg eit nytt smykke idag, eit litt kort, rosa perle-kjede! Eg er veldig glad i perler! :)Det er det som heng heilt til venstrepå dette kjede-stativet!
Synest låsen var so nydelig, sølv-lås med magnet, so det er lett å ta på og av! :) Likar når ting er både fint og praktisk! :)
Kjøpte meg også ein ny kopp! :)
Denne turkise kjøpte eg idag, litt dårlig lys då eg tok bilde...
Denne lime-farga hadde eg frå før, dei er frå Wedgewood! Kjempefine tykkjer eg! :)
So har eg baka brød idag, prøvde ei av oppskriftene til Morten Schakenda! Vi har prøvd fleire av hans oppskrifter før, han likar at brøda skal heve i 7 timar pluss... Det orkar ikkje eg, so i staden for å bruke 15 gram gjær som han skriv, brukar eg 50 gram og let dei heve i ein time fyrst, og etterhevar dei omtrent like lenge, tykkjer det er nok eg! ;)
Ferske skive med brunost til kvelds idag ja! :) Mmmm...
Ha ein fin kveld folkens, eg skal finne på eit kvart slik at dei to siste timane av nedtellinga går FORT! :)
Klem Sheila! :)


Er blitt ganske glad i skrivepulten og tallerkenhylla mi som eg mala og skifta knottar på... Synest dei passar so godt ilag! :) ...nesten som om dei er skapt for kvarandre! :)
Fyrste skona til storebror, i str. 13. Søte med snoopi på! :)


Denne gamle bilbelen (under norges-glaset) er også eit funn frå ein bruktbutikk for ei tid tilbake... Den er frå 1936! Likar gamle ting, det er som om det er sjel i dei! :)

Velkomen-skilt, på dette skiltet har eg brukt å bytte ut skrifta med "god jul", "god påske", osv til diverse anledningar, men til vanleg ønsker det gjestane våre velkomen! :)
Kjøpte også idag lillemor si fyrste bok, kansje litt tidlig, men det er eigentlig berre ei peikebok, med lappar der vi kan kjenne på "pelsen" til dyra, både eg og lillemor tykte den var koslig å kike i, peike på å ta på! :)
På t-v benken!

Veit ikkje om det var gøyme og leite dei heldt på med eller kva det var, men uansett fann minste-søstra mi desse to luringane opp i papir-dunken! :) Min sin minstemann og søskenbarnet! :)
I går, på laurdag, tok eg, svigerinda mi og svigermor oss ein liten tur på kjøpesenteret, der fann eg denne "korga" til å ha post i, tenkte den var grei til å ha posten til husbonden som eg "samlar opp" mens han er vekke, når eg har ei slik fin korg til å ha det i, treng eg ikkje gøyme det vekk dei 4/5 vekene han er vekke... No ligg posten dekorativt å ventar på han! :)





Lillemor er også glad i mat! :) ...men dessert får ho ikkje enda stakar! :) Heldigvis veit ikkje ho kva ho går glipp av enda! ;)
Det er som eg har sagt før, fortsatt litt tomt i stua vår etter at vi mala den, har ikkje lyst å lage masse hull og merker i veggane før eg er sikker på det eg skal henge opp. Har enda ikkje fått forstørra bryllaupsbilde av oss, som sjølvsagt skal på veggen, har eit par maleri som eg skulla hengt opp, men ikkje er sikker på kvar eg vil ha dei... Har eit gammalt klokkeur som eg har arva av verdens snildaste morfar, som han hadde arva av sine besteforeldre, den er veldig spesiell for meg, men den har heller ikkje fått seg plass på veggen enda... Skal vise dokke bilde av den ein annan dag! :)


Eine vinduskarmen... Likar denne engelen, ein lysestake vi fekk i bryllaupsgåve! :) Skulla tatt litt fleire detalje-bilder, men gjekk tom for straum på kameraet, so det tek eg igjen... :)
Denne heng over skinnsalongen i stua, fekk den i bryllaupsgåve av min far!
Denne heng over andre sofagruppa der vi sit å ser på t-v. ...Her uten lys!
Denne heng over spisestua...
...slik ser den ut med lys! :)
(...berre eit bilde eg knipsa mens eg farta rundt her! ;)


I går var gutane og eg på gås-unge-slang! :) Hehe... Tok med oss ei lita hage-saks, og fann oss ei mark som eg trur er kommunal, og var snare med å klippe oss ein bukett! :) Synest dei pyntar fint eg... :)

Den er frå 1850
