fredag 23. september 2011

Dior!

Eg og to av kollegane mine var på Dior-kurs i går, noko som alltid er like inspirerande! :)

Kurset starta med eit deilig måltid på Lyst i gågata i Ålesund, etterpå gikk vi til Thon hotell der Dior skulle holde nyheits-kurset sitt...



J`adore-familien har fått eit nytt medlen; J`adore Eau de Toilette, der Charlize Theron fronter kampanjen!

Frisk sitrus er det mest framtredande i toppnoten med eit hint av mandari. I hjertenoten finn vi J`adore duftens signaturnoter i form av damaskus rosen, Ylang ylang, jasmin og appelsinblomst.

I bunnoten avslører noko treaktig med eit hint av vanilje.

Vi fekk sjølsagt snik-lukte litt på denne hærligheita, og den var nyyydelig, berre å glede dokke til den kjem i butikken i midten av oktober...! :)



Ellers fekk vi vite at Diorskin forever er blitt fornya, no har den meir hudpleie-ingrediensar enn nokon gong- no er det ein unik samansetningav make-up og hudpleie. Den gir mykje fukt, mattar og glattar ut! Super! :)


Når vi er på kurs brukar vi også å få fine kurs-gåver, denne gongen var Dior spesielt generøse, her er mine tre flotte kurs-gåver:


3 colours smokey, øyenskugge, denne nydelige fargen er nr 481 og fargen heiter smokey kahki, den var rålekker på! :D



DiorBlush nr 889 fekk vi også med heim, ein kjempefin farge som passar dei fleste! :)


Då eg greidde å svare på eitt av spørsmåla til kurs-haldaren fekk eg denne Skinflash-en i "premie"... Kjempekjekt! :) Denne er kjempegod, anbefalast på det sterkaste! :)



No skal eg hoppe meg i dysjen, straks skal eg og husbonden på ein aldri so liten date, rett og slett pleie forholdet litt! ...skal bli kos! :)

Ha ein koselig fredag folkens! :)


Klem Sheila! :)

1 kommentar:

Liv sa...

Så fine gåver du fekk på kurset :))