søndag 23. mai 2010

Skal, skal ikkje...?

Heisann! :)


Vi står midt opp i eit stort dilemma...

Alle manns draum, er vel å byggje sitt eige hus, lage sin eigen heim, leggje sjela si i det, osv... Vi har no muligheit for å oppleve hus-byggje-draumen, men so undrar vi, skal vi, eller skal vi ikkje...? Det er positive og negative ting med både å gjere det og ikkje gjere det...
Vi har muligheita for ei gratis tomt innan familia, det er derfor temaet har kome opp akkurat no...

Her vi bur no, finns mange born på alder med borna våre, vi har naboer ved kvar einaste side av huset, (både positivt og negativt) og mange venner i nærleiken.

På plassen der tomta "vår" står, er det veldig landlig, idyllisk, fredlig, lunt og fantastisk nydelig! Og ingen naboar tett innpå. :) Men ein ting vi tenker på er at vi veit ikkje heilt kor monge born der finst på alder med våre...
Der er på veg å kome eit byggefelt i nærleiken av tomta, der eg veit det kjem enda fleire småbarnsfamilier, men reknar med at det er mindre born... Skulen dei eventuelt kjem til å gå på, er ein busstur på ca 3 minutt unda, gjennom ein tunell, der veit eg bur mange/fleire born da, so det er uansett ikkje verre enn det... Når vi spør gutane kva dei vil, seier dei somme tider ja og andre tider nei. Men vi trur ikkje dei heilt forstår at det er ei permanent løysing... Mora mi og dei to yngste søskena mine bur der, 5 min gåavstand frå tomta, so det er no positivt da! :)

Det tek ca 10 min med bil til nermaste by, dvs også nermaste butikk, bensinstasjon osv, men eg jobbar også i den byen 4 dagar i veka, so eg ser ikkje på det som noko problem...
Uansett; det er ikkje nokon lett avgjerelse, må liksom vere 100 % sikker!
Store delar av meg seier; Ja, gjer det! :) ...mens ein annen del seier; tenk deg godt om! Byggjer vi hus der, so blir det foralltid! Hmmm...

Storebror ved tomta... :)


Gutane leikar seg på tomta...




Husbonden viser bestefaren sin litt rundt...


Litt av utsikta... Det lisje kvite huset, ein fjøs og ei løe er også i familia, det er familia mi som eig heile området rundt tomta... Her sit eg og lillemann på tomta for 4 år sidan, fant bildet inne på dataen her... Litt artig! :) I det kvite sommarhuset har vi holdt til ein god del av sommarane, helgeturar, og ellers dagsturar, der vi grillar, plukkar blåbær, tek turar i fjøra, på fjellet og i skogen... Der nyt vi stillheita, fuglekvitter og vatnet som renn i elva... Kjempekos! :)


Har ein del tenking på gong, husbonden seier at det er opp til meg, han jobbar på sjøen, og er heime berre halve året, so når han er vekke, er det eg som blir verandes der åleine med ungane, og etter at dei har flytta ut, blir det eg "ene og alene" som blir sittandes der mens han er til sjøs...
Men eg jobbar no, so eg tenker at når ein kjem frå jobb, må det no vere godt å kome heim til denne skjønne plassen, og berre nyte at ikkje bilane susar rundt husveggane, sitte ute å nyte utsikt, fuglesong og elvesus! :) Spise middag på terassa utan at naboane pustar oss i nakken...

Det må no vel vere lykke! ...eller?
Det var mine tankar idag, kjenner at eg fekk lufta hovudet mitt litt no... :)


Klem Sheila! :)

5 kommentarer:

lisje astrid's husblogg sa...

Ah!WOOOOW!
Forstår tankane dine..
Men,eg hadde ikkje stussa..NYDELEG!
Lettare å flytte barna før dei har begynt på skule..
Eg trur det går heilt fint.
Men,lytt til magefølelsen..
Lykke til med valget;)
Klem frå Astrid♥

Karen sa...

Fin blogg du har :)
Og jeg sier bygg bygg!!! Det var en lekker tomt :)

* Hege`s Cute N Cool Blog * sa...

Hei ♥

Lekkert!!!!! Herlig å bo landlig vis en liker det ♥ Ej foretrekke det framfor byggefelt :)) Der såg lekkert ut og ej trur ej veit kar det e oxså ;p
Ja nei Sheila mora , du og husbonden må nesten bli enige og finne utav det sjøl , men sant det er deilig å få lufta tankane litt!!! ♥ Super lekkert innlegg ♥
Du må no nesten kjenne litt etter om du vil trives på en slik plass , ikke alle som gjer det , for min egen del syns ej det e rett lekkert å ha det stilt og fredelig med lite naboar rundt mej , herlig å gå tur og sykle osv..du he no bil!! Og veien e kort til nærmaste by som du skriv...ikke nåke problem det!!! :)))

Ønske dej lykke til med valget...blir spennande å høyre ka dokke bestemme dokke for ♥

Klem Hege :))

sylvia sa...

hei.
åå for en herlig tomt dere kan få,
dere må kjenne på magefølelsen her,ikke høre hva andre sier,men bestemme selv,
da kommer en lett i villredet,kjenn etter hva som gjør at hjerte hopper et ekstra hopp,er det å bygge eller bo der dere gjør nå?
da finner dere ut av det.
vil takke for en hyggelig hilsen på dagen min igår...
det varmer.
klem fra sylvia

tinemor sa...

Ser ut til å være en fantastisk plass!!
Jeg hadde ikke vært i tvil.
Unger tilpasser seg godt.
Men det er jo noe hele fmilien må være enig om selv om de minste sikkert ikke forstår det helt
Lykke til med avgjørelsen
Klem