torsdag 18. mars 2010

Heisann! :)
Idag har gutane hatt fri frå barnehagen, dei har fri fast mandagane og torsdagane, då brukar vi å finne på noko kjekt! Idag har det våre so vått ute, so vi fyrte i ovnen og spelte spel inne i staden for...
Spele-kos! :)Pappa ledar! :)Her er spelet vi spalte idag! "Se hva jeg kan"Kjekt og lærerikt for gutane!Plutselig vart det slutt på freden, lillemor lærte seg å ÅLE seg mens ho såg på oss spelte, det såg visst spennande ut for henne også! :) Plutselig kom ho ålandes mot oss! :)

Skjønne ongane mine! :)

Gutane er kompissar mens dei spelar nintendo DS! :)
No skal eg på eit møte, so dokke får ha ein fin kveld! :)
Klem Sheila! :)




onsdag 17. mars 2010

Barsel-treff!

Heisann! :)
Idag har eg hatt barseltreff, besøk av 5 kjekke damer, og 5 skjønne babyer! For anledninga, laga eg ein pastasalat, og focacciabrød til...
I pastasalaten idag hadde eg:
Pasat sjølvsagt
Raud og gul paprika
agurk
mais
purreløk
sukkerert
tomat
rødløk
kvitløk
og steikte kyllingfiletar i småbitar
Denne gongen laga eg "kvit" pastasalat, blandar ei boks med rømme og ein pakke majones, og saltar og peprar det før eg tek opp i grønsakene, og kyllingen og pastaen til slutt!
Fekk sp.mål om oppskrifta til den forige pastasalaten eg laga, og i den hadde eg omtrent samme ingrediensane, berre at då blanda eg grønsakene, kyllingen og pastaen fyrst i bollen, og tok litt olje over, og eit par ss pesto, og blanda godt, so serverte eg den med gresk rømmedressing til, det er personlig min favoritt! ;)
Til kaffien etterpå, hadde eg laga ei OREO-kake, den er berre himmelsk! :D
Ei skikkeli kaloribombe!!! :)Gløymde å ta bilde av den før vi hadde kasta oss over den! ;)
Maritimt vårantrekk! :) Mørk blå bukse, og kvit og mørk blå stripa genser med gullknappar på eine skuldra!
Gler meg til vår!

Ha ein fin kveld folkens! :)

Klem Sheila

tirsdag 16. mars 2010

Biotherm!

BIOTHERM!


Som eg nemte i går, skulle eg på Biotherm kurs, det var veldig kjekt! :) Kurset starta med ein nydelig tapas-buffet, etterfølgt av ein hææærlig dessert-buffet! Mmmmm...

Biotherm kjem med fleire nyheiter denne våren! ...spennende nyheiter! :)

Fyrst vil eg presentere denne hærlige oljen som oser av velvære! :)

En olje man kan bruke som lokal, eller global pleie! Den er ekstremt reparerende og gir ei fantastisk glød! Vi fikk denne i kurs-gave! JIPPI! :)

Fantastisk å smøre på lett fukta hud etter en dyssj! :) Gir masse fukt!

Ei anna spennande nyheit frå BIOTHERM, er denne nye serien fra SKIN VIVO! Den er kåra til årets beste 2009, (den kom i hyllene før nyttår)


Dette er nattkremen, krukka på dagkremen ser likedan ut, berre at den er kvit!


Kremen lovar:


"10 ÅR SYNLIG YNGRE HUD PÅ 4 UKER!"
Kremen har 8 patenterte ingrediensar, og har høyeste konsentrasjon av rent Thermal plankton nokonsinne! Denne kremen gir god beskyttelse til DNA `et i huda vår! Denne serien er for ca 30+


Vi fikk også denne deilige nattkremen i kursgave! :) Vi er so heldige! :)




EAU DE PARADIS!
Ei heilt ny kropps-parfyme! ...med en frisk duft av bl.a bringebær, italiensk sitron, sandeltre, musk, fressia og blåbær! Den var hææærlig! :)

Vinteren gir seg ikkje...
Utsikta frå kjøkkenvindauget denne kalde morgonen!

Plommetrea vår i hagen på nedsida av huset!

Ønsker dokke ein fin dag!

No skal eg kose meg med ein kopp kaffi saman med min kjære! :)



Klem Sheila!

mandag 15. mars 2010

Badet mitt! :)

Heisann! :)
Idag har eg vaska badet, og i den anledning, knipsa eg litt med kameraet! :)Her er badet frå eine sida...Same sida av badet, men bildet er tatt frå andre sida... Bildet tatt frå døropninga...Litt pynt på benken! :)
Smikke-stativ... Hylla med smikke-stativet, hudpleia mi og handukar!
Vinduskarmen!

Ei hylle med diverse utanfor dyssjen...
Eg baka brød idag også, ingenting kan måle seg med lukta av nybaka brød!!! :)

Ha ein fin dag alle sammen!
No skal eg på Biotherm-kurs med jobben! Gler meg! :)
Klem Sheila!

fredag 12. mars 2010

Spisestua Før og Etter!

Heisann!
No har eg leita litt inn på datamaskina til husbonden, og funne bilda eg tok av spisestue-møblane før eg mala den! :)
Eg kjøpte denne spisegruppa brukt, den er antikk frå Bergen frå 1920- talet! Alle som såg den, sa eg var gal som var tenkt å ødelegge den med maling, men so bestemt som eg kan vere, høyrde eg ikkje på nokon, og mala spisegruppa kvit! :) "Du kjem til å angre!!!" ...var det eg fekk høyre, men eg har ikkje angra eit einaste sekund, er berre glad for at eg gjorde det då eg gjorde det, for det var litt arbeid med det, men når resultatet blir bra, er det verdt det!!! :)Her er to av stolane -FØR!Bordet (uten klaffar) -FØR!


Her er spisegruppa -ETTER! Med ein klaff i, eg har to klaffar til, slik at bordet kan verte 240 cm langt, då kan eg dekke bordet til 12 stk. Er kjempefornøgd!!! :D

Idag hadde vi ball til middag, kjennes litt rart å ha ball på ein fredag, sidan det er torsdags-mat, er ikkje det vel rart...? Kun på grunn av balle-måltidet idag har eg gått å inbilt meg at det er torsdag... Hmmm... Godt var det iallefall! Svigermor kom tilfeldigvis innom, å fekk seg middag ho `og! :)
Pappa og prinsessekos! Dei er sooo gooode!!! :)
Ha ein fin fredagskveld folkens!
Klem Sheila!




torsdag 11. mars 2010

Heisann! :)
Har akkurat hatt meg ein tur på senteret, farfaren til husbonden fyller 89 år, og søstra mi fyller 24 år idag. Skulle stad å kjøpe bursdagsgave, då eg kom over desse skjønne blomstrane på Glasmagasinet - til halv pris! :) Alt er no forresten til 50 % der da, dei skal vel legge ned kjeda, å held på å selle ut alle varene!
Synest dei var so hærlige, bytta ut dei sølvfarga greinene eg kjøpte til jul, og putta dei nye blomstrane i denne urna vi fekk i bryllaupsgåve! :)
Duse rosa og kvite blomstrar! :)

Med meg heim igjen, blei også desse søte kaninene, det er no tross alt snart påske! :) Og desse var ikkje gule, so dei kan få stå litt lenger, og ha dei fram litt før! :) Dei får stå saman med engelen min som eg fekk med ungane til morsdagen! :)


Søøøte! :)
I tillegg til desse fine "funna", fekk eg oppleve noko eg synest var veeeeldig trasig idag... Mens eg var inne på Cubus, sat lillemann på 4 år i sofaen der dei har tv med Disney channel på (inne på Cubus), eg stod ca 7 m ifrå lillemann og snakka med ei venninde som jobbar der, høyrer eg plutselig på høgtalaren; Det er ein gut på 4 år som heiter ...... som saknar mammaen sin! Eg kika mot den raude skinnsofaen som no var TOM!!! Å hjelpe meg kor eg sprong, ned til Bok og Media der lillemann var saman med senterledaren! Han stod der med tårer i augene stakaren! Og strekte hender då han såg meg! Det er noko av det verste eg har opplevd! Eg har knip i magen enda! Det som var so rart, var at han ikkje hadde sett meg der eg stod omtrent rett bak han, å at eg ikkje hadde registrert at han gjekk. Rett utanfor Cubus traff han senterledaren som tok han med ned der dei har mikrofon til høgtalarannlegget! Gud, for ein ekkel opplevelse, eg skal aldri sleppe nokon av borna ut av synet på eit senter ever again!!! Raraste var at eg ikkje eingong hadde registrert at han var vekk, for ein EKKEL følelse!
Dei snilde damene på Bok og Media hadde gitt han denne malar-boka, den vart han glad for! :)
Stakar lisje, store guten min!
Ha ein fin dag alle sammen!
Klem Sheila!

onsdag 10. mars 2010

Shiseido!

Heisann alle sammen! :)

Beklagar at eg ikkje har posta innlegg dei siste dagane, har våre litt opptatt med min kjære, våre på kurs med jobben, og på laurdagskvelden var vi på middag saman med tre andre par. Hadde bestilte bord på Big horn steak house, der vi fekk eit heilt fortreffelig måltid og kosa oss med god vin til! Tok 23.00 båten heim, og dro då opp til det eine paret for enda litt meir kos og god vin... :) Måtte nesten nytte høvet, hadde alle tre ungane på overnatting, lillemor for aller fyrste gong! Og det gjekk kjempebra! :)
Viktig med litt kvalitetstid som kjærestar!

Som eg nemte, var eg på kurs med jobben, likar å holde meg litt inne med kva som er nytt, osv sjølv om eg er i permisjon... Det var eit utrulig innholdsrikt kurs, veldig spennande!
Shiseido!
Her er serien som står på baderomshylla mi! :)


Det var eit Shiseido-kurs, eg brenn for Shiseido!!! Det er eit 130 års gammalt, japansk merke innen hudpleie, kropp og make-up! Eg er sooo fasinert av det merket, mange har aldri høyrt om merket, det er fordi dei brukar ikkje pengar på markedsføring, dei meinar at produka skal tale for seg sjølv! Dei brukar heller pengar på forskning, dei forskar på eit produkt i 5 til 8 år før dei slepp dei på markedet. Også gir dei prosenta (trur det er 5 % av overskuddet) til regnskogar! På verdsbasis er det eit av dei største merka! Her på det øverste bildet er serien eg brukar, den forebygg, gir ei utrulig glød i huda, og perfekt utstråling! Og har ei heilt hærlig duft på produkta! Shiseido er kjendt for si nytenking innan aromateknologi, dufta i ALLE produkta deira har ei bestemt duft, med ei spesiell virkning, for ex avslappande eller energigivande, duftnotar som påverkar oss både fysisk og psykisk! Imponerande!

Når vi er på kurs får vi alltid fine gaver, denne gongen fekk vi ein ny, heilt hærlig dysj/peeleng-krem for kropp, den var sjølvsagt utruuulig god! So fekk vi ein fin base-skygge (bildet under) Skyggane til Shiseido sit lenge, er enkle å påføre, og får eit fint og jamt resultat!

Eg har våre so heldig å fått meg ein Award med Hege frå bloggen Hege`s Cute N Cool Blogg! :D
TUUUSEN TAKK HEGE!!! :)
Hege har ein innholdsrik og skjønn blogg, og har ein nydelig heim som ho stadig visar bilder av! ...absolutt verdt å sjekke! :)
Eg har lyst å sende denne awarden vidare til :
Ina Catrin med bloggen HUSMORA med den fine bloggen hennar om matlaging, familieliv og interiør!
Og so vil eg sende den til Astrid frå bloggen Lisje Astrid`s husblogg, ho har ein slik skjønn stil i heimen sin som eg elskar, ho er trufast å legg inn innlegg oftast daglig! :)
Vil bruke anledninga også til å takke Astrid og Hege for at dei er so snille å gi meg så fine kommentarar når eg har lagt inn innlegg, det varmar i hjertet, og det får meg til å fortsette! :)

Ha ein fin kveld alle sammen, no skal eg på klubb saman med jentene mine! :)

Stooor klem frå Sheila! :)

lørdag 6. mars 2010

Stua: FØR og ETTER!

Heisann! :)

Tenkte eg skulle legge ut låkren før og etter -bilder av stuene våre! Før var det gulna tregulv som no har vårte kvite og fine! Mykje panel dominerte, det har no sjølvsagt blitt kvitt! :) Veggane har også blitt lysare!

Her er eine delen av stua -FØR!

Her er same delen av stua -NO!
Andre delen av stua -FØR!Andre delen av stua -NO!
Her står min kjære husbonde å malar spisestua, uff, det var ein kjempejobb! To strøk med grunning med kvistlakk i, og deretter to strøk med vanlig maling... Det var tungt å male panelet! På høgresida ser du også kjøkkenet slik det var før, bondeblått med bonderaude detaljar! ÆSJ!!!
Her er spisestua vår -NO! Lys og delikat! :) Tenk at berre maling kan gjer sooo mykje! Er kjempeforøgd med resultatet! :) Dette var dei einaste før-bilda eg hadde på maskina mi, har fleire før-bilder av for ex. gang og kjøkken, men det får vente, ligg på husbonden si stasjonære maskin!
Var forresten heilt HÆRLIG å få heim min kjære!!!
Han var so snild idag å stod opp med alle tre ungane so eg fekk sove frampå! Gjett om det var gull verdt! :)

Ha ein fin dag alle sammen!



Klem Sheila! :)








torsdag 4. mars 2010

Heisann alle sammen! :)

Idag er eg so heldig å få heim att min kjære frå sjøen! :D

4 longe veker er endelig over, har sakna han veldig, det er so godt å kjenne den nyforelska følelsen kvar gong vi har vore vekke frå kvarandre! :)
Elskar han so utrulig mykje!

Her kjem eit par bilder frå bryllaupsdagen vår! :)Her har vi endelig komt oss på bryllaupsreise! :) Kor vi kosa oss!!! :) Var ein plass i Tyrkia som heiter Kemer, ein nydelig, koslig plass, med eit utrulig fint hotell-område med appelsintre rett utanfor balkongen vår! :) Vi reiste to dagar etter bryllaupet! :)Litt kos! :)Trygt og godt på fonget til husbonden! :)I sjøen! :)På kameltur! :) Åsso måtte eg sjølsagt legge ved eit bildet av den skjønne familia mi! :) Lisjemor ligg i magen på dette bildet! ...ca 2 1/2 mnd før ho kom til verda!

Dei hærlige gutane vår! :)Å den nydelige jenta vår! :)

Eg må vere verdas lykkligaste!!! :) ...å heldigaste! :)


Ha en fin kveld!

Klem!