søndag 17. juli 2011

Sommar!

Dette innlegget er frå fredag 15.07


Har eit vennepar som er i full gong med planlegging av barnedåp, veit kor hektisk det brukar å vere, so tenkte at dei skulle få litt "fri", og henta dermed dattera deira på snart 3 år, (som eg og mannen er fadder på) og tok henne med oss på stranda! :)

Her sit ho og lillemor og spadar i sanden...



Gutane vår kosar seg på ein badering ute i vatnet! :)




Grilling høyrer med! :)




Kosar seg med pølse i brød... :)




Ein tantegut og lillemann! :)




Eg kosar meg i sola! :)




Lillemann som varmar seg etter ein dukkert! :)




Eg og lillemor!




Når vi kom heim, bar det rett i badekaret for å få av seg skit og sand! :)


Ein skikkelig kosedag! :)


Sheila

torsdag 14. juli 2011

Moa-tur!

Bestemte oss for å ta ei lita shopping-runde på Moa idag, eg, søstra mi, og ungane! (lillemann er på besøk hos farmor og farfar)


Sidan vi ikkje rakk den ferga vi egentlig var tenkt å ta, dro vi på butikken å kjøpte oss litt mat, so frukosten vår at vi på denne benken ved sjøen, koselig! :)




Her sit lillemor, storebror, tante-ungen min og søstra mi å kosar seg i sola mens vi vanta på ferga! :)


Der kjem ho! :)




Lillemor kosar seg med smågodt på ein benk utanfor senteret... Med sekken ho fekk i ferie-gåve med farmora og farfaren, den blei ho straks glad i! :)




Storebror fann denne svære tingen som han fekk veldig lyst på! Mora måtte desverre sei at 10 000 kr har ho desverre ikkje berre sann tilfeldigvis i lommeboka si! :/




Kjekt å prøve bil!




Lunsj ute på ein benk... :)




Storebror vart veldig glad då han plutselig såg Ole Brum utanfor leikebutikken, då måtte han få seg ein god klem! :)




Lillemor fekk seg desse søte Crocksa! :)





Etter at vi kom heim å ha fått i oss middag, bar det på badestranda! Eg, storebror, lillemor og tante-ungen min! :)




Her spring dei i vatnet, kjempekjekt når det endelig blir litt sommar her på sunnmøre! :) Det likar vi!!! :)



Lillemor konsentrerar seg veldig når ho fyller spanna med sand!



Litt kos på marka... :)


No søv dei alle so søtt og godt, eg kosar meg med ei lita skål med M (sjokolade) og nyt stillheita! :)


Takk for idag, og so "snakkast" vi nok i morga! ;)


Klem Sheila! :)

onsdag 13. juli 2011

Ein fin dag!

Lillemor elskar å trille tur med pusen, pusen driv å stikk av, so den likar det ikkje fullt so godt... Men då hentar berre lillemor han igjen å puttar han tilbake i vogna! :)






Vi blei monge til middag idag, hadde invitert søstra mi og sonen henna på kylling idag, og like før middagen var klar kom onkelen min og minstesøstra vår på besøk, då måtte sjølsagt dei også få middag, so eg fann ein grillbiff i kjøleskapet som vi suplerte med, so delte vi broderlig og alle blei mette og go! :)




Dagens middag! :)





Etter middag fekk vi besøk av tre søte til; venninda mi og dei to skjønne prinsessene henna... :) Her sit lillemor og venninda si og les bok ute i sola! :)





På vei til å sette oss inn i bilen, la ungane merke til et baby-piggsvin som hadde forvilla seg heilt ned til trappa vår, det var av stor interesse for alle dei små! :)









For ein vi er glad i nermar det seg ein stor fødselsdag, og eg og søstra mi har våre å handla gåve idag! Her køyrer eg tilhengar for aller fyrste gong, føler meg litt tøff der eg sit! ;)





Eit siste bilde idag av storebror og Pinky som kosar seg med salte seigemenn og Donald Duck på t-v... :)

...enn so lenge går det greit med pusen, litt nysing pågår i heimen, men vi prøvar fortsatt og håper det skal gå seg til! :)


Fin kveld til dokke!


Sheila! :)


tirsdag 12. juli 2011

Pinky...

...er den nye pusen vår! :)

Eller, vi har den egentlig berre på lån enn so lenge, både eg og lillemann har litt antydning til allergi, so vi skal ha den no i ei veke på lån, med full retur-rett for å sjå om det går bra, om vi tåler å ha ein pus so nær innpå...! ;) Håper på at det går bra da, og at pusen blir vår til slutt! Den er kjempeskjønn, og ungane er berre heilt i hundre etter den! :)


Sjå kor søt den er! :)
Jentene til eigarane hadde mala leikarhytta si raud innvendig med vannmaling, og der har pusen gått å laika seg, dermed har den kvite pelsen hans blitt litt lyserosa, derfor blei eg og gutane einige om at navnet Pinky passa perfekt, i tillegg er no det også litt stas at verdens yngste sjørøvar også bærer det navnet da...! :)




Her prøver gutane å lokke fram Pinky frå sofaen... Dei har laga seg katteleike som allerede er ganske populære! :)




Pusen leikar...




Her har Pinky fått leiren sin, tissekasse, sovekasse og mat og drikkeskåler! Lillemor tykkjer det er stas! :)




Kjekt å sitte oppi sovekassa til pusen!




Ellers har eg fått vaska litt klede idag, er so deilig når det er opphold og litt sol, og man kan få henge kleda ute, tørkar so mykje fortare også då...!





Og til middag idag blei det kokt torsk, poteter, gullerøtter, blomkål, brokkoli og hollandise-saus...


Fin tirsdags-kveld alle sammen! :)


Sheila! :)

Mandagen...


Restemiddag er godt! :) Etter gårsdagens balle-middag, blei det igjen ein god del restar, det skar vi i terningar og steikte i smør på steikepanna, nesten bedre enn det smakte i går! :)


Eg elskar å høyre på radio! Nyheiter, mykje variert musikk og litt vermeldingar, pluss pluss...
I går (som dettte innlegget er ifrå...) var det ganske so ruskette ver, og då er vi snare her i heimen å tende levande lys, synest det gjer stemninga fleir hakk betre!

Gardinene i vinduet er forresten nye også, har hatt julegardinene mine heilt til no for ei lita veke sida, dei var berre raude og kvite med nokren blomar på, ikkje nissar eller englar eller noko typiske juleprint, so det har gått greit, men det var på tide å bytte dei ut iallefall!


Eit nærbilde av gardina... :) Kvit med lime og lilla detaljar, friskt og sommerslig! :)





Kveldskos! Til barne t-v poppa eg ei skål med popkorn til ungane, det blei dei glade for! :)



Over til dagen idag! Her er frukosten min idag; rista skive med eggesalat og eit glas melk! :)



Ønsker dokke alle ein fortreffelig tirsdag! :)



Klem Sheila! :)

mandag 11. juli 2011

Bind meg ein blomekrans...



Storebror med ein blomsterkrans som venninda mi knytte saman! :)




Kosedag på stranda!

(Dette innlegget er frå gårsdagen)


Avtalte med ei venninde at vi skulle treffast på stranda, tok med oss kjeks, kaffi, litt mat og godt humør! :)



To jenter som leikar ved strandkanten!






Lillemann som leitar etter krabbe...



Her er fyrste fangsten!




Lillemor leitar også etter krabbe! :)





Kjekt å leike seg i sanden.





Kort tid etter at vi hadde "campa", lagt ut alle handdukar og teppe, pakka ut kaffi og diverse, kom eit skikkeli regnskyll, himmelen berre opna seg, vi tok ein handduk og dekte over oss sjølve og jentene mens det pøsa som verst! :) På bildet ser det ganske uskuldig ut, men det hølja faktisk ned!




...men det letta heldigvis fort opp igjen! :)




Gutane kosa seg best i sjøen, dei brydde seg ikkje om at det regna "litt"... :)






Etterpå venta det potetball til middag!...eller venta og venta, eg måtte sjølsagt heim å forberede og lage den sjøl, men eit godt måltid vart det iallefall! :)




Og til dessert vart det kaffi og iskrem med jordbærstrø og salt lakris på! Mmmmmm!!! :D




Her sit gjengen og kosar seg med søtsakene! :)




Avsluttar dette innlegget med eit bilde av lillemora som storkosar seg med isen sin med salt lakris på... :)

Ein utrulig kjekk dag saman med gode vener! :)


Sheila!