søndag 11. april 2010

Make-over!

God morgen alle sammen!
Eg hadde håpa på at når eg stod opp idag, skulle sola skine inn gjennom vindauga mine, å skape skikkeli go-stemning i stua mens eg skulle ta bilder av dei ferdige malings-prosjekta mine, men den gong ei, idag er det grått og overskya, so bilda fekk bli som dei blei...



Fekk denne tallerkenhylla med svigermora mi, vi hadde eigentlig ein slags byttehandel, eg hadde ei lysekrone som eg ikkje brukte lenger, som ho fekk, og eg var so heldig å få "arve" denne fine tallerken-hylla av henne då ho pussa opp kjøkkenet sitt! :) Stor takk til den snilde svigermora mi! :)

Her er tallerkenhylla -FØR!Og sidan vi frå hausten har ein skulegut, måtte han sjølvsagt få seg skrivepult, synest det var meir praktisk å ha den i spisestua vår, der vi kan hjelpe han med lekse osv, enn inne på rommet som han delar med lillebroren! ...og sidan pulten skulle stå i spisestua, måtte den sjølvsagt matche interiøret! :) Fann denne gamle skrivepulten på FINN.no



Slik blei det etter litt maling og nye knottar! :) Eg er kjempefornøgd! :)


Ved skrivepulten har eg såtte ein stol som høyrer til spisestua...


Dream-skiltet fekk henge på tallerkenhylla! :)


Denne lampen har eg hatt litt vansklig for å plassere, men no kom den til sin rett på skrivepulten, fekk den av eit vennepar i bryllaupsgåve! :)

Kina-porselenet med rosa roser på, som eg var so heldig å finne på bruktbutikken, får også stå til pynt på hylla! :) Likar knottane! :)


I den store metall-boksa er teiknesakene til gutane, mange ark, tussjar og kritar! Sølv-veska har eg fått med mora mi! :) ...synest den er so søt! :)

Ved sidan av tallerkenhylla hengde eg ei bilde-rekke med bilder av husbonden, meg og ungane! :)


Hmmm, kunna skjult den ledninga litt bedre ser eg, men men... ;)

Synest det blei ein koselig krok til slutt! :)

Ha ein fin søndag!


Klem Sheila! :)

lørdag 10. april 2010

Familie-kos! :)

Heisann! :)

Idag har eg og ei venninde og ungane våre vår på leikeland i byen, det var kjempekjekt! ...starta med ei lita runde på sentera, deretter eit besøk på Mc Donalds, før det bar på leikeland der ungane storkosa seg! :)

Storebror i fart! :)

Lillemann i fart! :)

Lillemann på bil...

Lillemor kosa seg også! :)

Ei lita IS-pause! :)
Leikeland var også kjekt for dei voksne! :) Viktig å ta vare på barnet i seg! :)

Vi flira og kosa oss, sila, klatra og leika oss saman med ungane, det set dei pris på! :)
Eg er heilt ferdig med dei to prosjekta som eg har hatt på gong, har fått hengt opp det som skulle hengast, å fått pynta å laga dei til, men pga dårlig lys, ventar eg med å ta bilder til i morga slik eg får hjelp av dagslyset! :) Gledar meg til å vise dokke! :)

No har eg og gutane kosa oss med taco, og sett på (filmen) Shrek! :) ...og no er eg trøtt, so no ber det rett ut i senga, god natt, og sov godt alle sammen! :)
Klem Sheila! :)


torsdag 8. april 2010

Award!

Good morning! :)
Eg har våre so heldig å få ein kjempefin award med Hege, med bloggen Hege`s Cute N Cool blog.
Tuuusen takk, skjønne Hege! :) Føler no eigentlig at eg ikkje fortjenar nokon award akkurat no da, men... Har våre litt slapp med innlegga mine... Men eg set STOR pris på awarden! :)Har lyst til å gi denne awarden vidare til
Monica med bloggen Det lille ekstra
Silje som er ein heilt fersk bloggar med bloggen Siljes hobbyrom
og til Sylvia med bloggen Hjemmebest

Forli dokke fortjenar det! ;)
Litt detalje-bilder!


Leikekroken til lillemor -FØR

Leikekroken til lillemor -ETTER at eg kjøpte denne korga frå KID... Den romma litt meir leiker enn den forige, og det gjorde seg! :)

Ha ein strålandes dag! :)
Stor torsdagsklem frå Sheila! :)

onsdag 7. april 2010

Heisann! :)
Veit at eg ikkje har våre so ivrig med blogginga i det siste, skal prøve å skjerpe meg! :) Mykje å gjere, mykje klesvask å ta igjen etter ferien, besøk på kveldane, osv er berre nokon av grunnane, men som sagt; skal skjerpe meg! :)
Kjøpte idag dette søte kortet som eg hengte på hylla i stua mi! :)

Fann også denne skjønne serviett-holderen, og måtte sjølvsagt ha søøøte serviettar til! :)

Eit nytt skilt i sink... :)
Ny oppslags-tavle, eller kva eg skal kalle det, synest iallefall den var kjempefin! :)
Hengte opp bilde av ungane vår, takkekort av oss sjølve frå bryllaupet, eit morsdagskort og eit par andre fine kort! :)


Foreløpig heng den på pipa vår! :) ...hehe!

På mandag var det nydelig ver, eg og ei venninde tok med oss ungane våre på leikeplassen, å naut dagen!!! :)
Eg og lillemor!
På menyen stod det hjortegryte!
1 kg hjortekjøt
3 gullerøtter
1 løk
1 boks mais
2 paprika i forskjellige fargar
Champinjong (eg brukte ei boks hermetisk, hadde ikkje anna idag)
4 dl fløte
4 dl vatn med buljong
Steik kjøtet ferdig, kok opp veska, ha kjøtet i veska, steik grønsakene for seg sjølv, og has i saman med kjøtet etter ei stund, kan gjerne småkoke ein times tid! :) Vi hadde mandelpoteter til! :)
Mmmm.... :)

Ha ein fin kveld alle sammen! :)
Klem Sheila!


mandag 5. april 2010

Fyrste påskedag!

Heisann!
Måtte sjølvsagt flagge i går, fyrste påskedag! Kosa oss med ein deilig frukost!
Følelse av vår! I går var det so mildt og fint ver, vi var ute på marka å leika oss lenge, til og med lillemor fekk reie seg, det tykte ho var kjempe-kjekt! :)

Kosejenta! :)
Gutane fekk påskegave med mormora si, inne i pakken låg det eit sett med kyllingar som gutane skulle lage sjølv, det fekk dei lage i går! :)
Under produksjon...


Ferdige produkt! :) Fine dei vart! :)


Denne boka med "påske-krim" låg også ipakken frå mormor...

Har lenge skulla tatt oss ein tur på besøk på sjukeheimen til mannen min si farmor, og visst fram lillemor i dåpskjolen sin, det hadde farfaren til min kjære so lyst ho skulle få sjå, so det tok vi oss endelig tid til i går, sjå kor fine dei var! :)

Ha ein fin dag, her ser det ut til at det blir kjempe-ver idag! :)
Klem Sheila!

lørdag 3. april 2010

Påskeferie!

Heisann! :)


Lenge sidan eg har våre her no, vi har våre på påske-ferie på Bjorli, 0g har kosa oss masse! :)

Vi stortrivs der oppe! :) Vi likar å gå på ski, nyte sola, ete tørrfisk ute, lage snøhytter, rangle litt på kveldane, og berre nyte tilværelsen! Ikkje tenke på alt som må gjerast, vaskast, osv...

Det er svigerforeldra mine som har campingvogn og spiker-telt der oppe, veldig kjekt, og koslig! :)

Stod opp tidlig den dagen vi skulle reise, og satt på ei stor gjærdeig, baka horn og kanelknutar som vi tok med oss!

På veien kom vi rett oppi ei ulykke der ei familie på 5 hadde kjørt seg utfor veien i stor fart, bilen låg på taket då vi kom, ...skummelt! Heldigvis so gjekk det bra med foreldra og dei tre borna! :)

Gutane på ski fyrste dagen, gjekk "grøneløypa" på 8 km. Stolt mor!! :)

Godt å få hjelp av farfar når lillemann dett! :)

Tre slitne gutar etter ein long dag! Minstemann på bildet er fadder-ungen vår, sonen til svogeren min!

Gutane laga iglo, sa dei... Det var ikkje nok snøv denne gongen til å lage snøhytte, so dei måtte laga iglo i staden for... :)

Lillemor sov godt i campingvogna! :)

Andre dagen gjekk vi på ski bort til trekket, hadde med oss ein leskedrikk som dei kosa seg med før vi gjekk tilbake igjen, turen vart ca 4 km...

To påskeprosjekt, eit lestepar til ein av gutane, og lappar til meg sjølv som skal tovast! :)



Her kjem eil klipp av lillemann sin fantastiske stil nedgjennom bakkane i løypa, synest han var so tøff! :) ...4 åringen min!


Ønskar alle ei god påske!
(...veit at eg har lova å vise dokke "male-prosjektet" mitt, men treng nokon til å hjelpe meg å helge det opp før eg tek bildet av det!)
Klem frå Sheila! :)