torsdag 29. september 2011

Blei havrebollar til kvelds i dag... :)



...med kakao til, det smakte godt! :)



Hadde besøk av to søstre og ein tante-unge som åt saman med oss, det var koselig! :)


Ellers spaserte eg og husbonden oss ei runde no på kvelden å endte opp på besøk med eit vennepar der vi blei servert kvar sitt glas vin, også kjempekoslig! :) No blir det køya neste, god natt! :)


Sheila! :)

onsdag 28. september 2011

Is og litt "nytt"...

Kveldskosen min! :)

...vaniljeis med jordbærstrø og lakris på! Mmmm!!! :)


Dette blir man fort avhengig av, det har eg blitt, spiser dette nesten kvar kveld, ofte so mykje at eg blir kvalm, men det gløymer eg fort til neste kveld...! :)



Her poserer eg i nye-kjolen min frå Cubus, den er kjempebehagelig å ha på, og ganske fin synst eg sjøl! ;) Kosta kr 299,-




Og her er dei ganske so nye tøfflene mine frå Nille, dei held akkurat ein sesong før dei er utslitt, ganske greitt eigentlig, kostar heile 49 kr! :)



No skal eg hjelpe husbonden med litt malings-arbeid i kjellaren, ha ein fin-fin kveld godt-folk! :)


Sheila! :)

tirsdag 27. september 2011

Pizza og grillings! :)

(Desse pizza-bilda er frå laurdagen...)


Gutane lagar kvar sin liten pizza...! :)







Her er ungane sine sjølvkomponerte pizza... :)




Mmmm, dei var GODE! :)




Her sit storeguten min å ventar på isbilen idag, med ein hundrelapp i handa... :)





Tulla litt mens vi venta! :)




Her står han med is-boksa i handa, etter mykje om og men bestemte han seg for ein type saft-is... Fornøgd var han i allefall! :)




I kveld har vi våre på skulen på grilling med andre-klassa, det var kjempekoslig! :) Einaste bilde eg knippsa var dette av lillemor som leika seg på skuleplassen! :)


God kveld! :)


Klem! :)

fredag 23. september 2011

Dior!

Eg og to av kollegane mine var på Dior-kurs i går, noko som alltid er like inspirerande! :)

Kurset starta med eit deilig måltid på Lyst i gågata i Ålesund, etterpå gikk vi til Thon hotell der Dior skulle holde nyheits-kurset sitt...



J`adore-familien har fått eit nytt medlen; J`adore Eau de Toilette, der Charlize Theron fronter kampanjen!

Frisk sitrus er det mest framtredande i toppnoten med eit hint av mandari. I hjertenoten finn vi J`adore duftens signaturnoter i form av damaskus rosen, Ylang ylang, jasmin og appelsinblomst.

I bunnoten avslører noko treaktig med eit hint av vanilje.

Vi fekk sjølsagt snik-lukte litt på denne hærligheita, og den var nyyydelig, berre å glede dokke til den kjem i butikken i midten av oktober...! :)



Ellers fekk vi vite at Diorskin forever er blitt fornya, no har den meir hudpleie-ingrediensar enn nokon gong- no er det ein unik samansetningav make-up og hudpleie. Den gir mykje fukt, mattar og glattar ut! Super! :)


Når vi er på kurs brukar vi også å få fine kurs-gåver, denne gongen var Dior spesielt generøse, her er mine tre flotte kurs-gåver:


3 colours smokey, øyenskugge, denne nydelige fargen er nr 481 og fargen heiter smokey kahki, den var rålekker på! :D



DiorBlush nr 889 fekk vi også med heim, ein kjempefin farge som passar dei fleste! :)


Då eg greidde å svare på eitt av spørsmåla til kurs-haldaren fekk eg denne Skinflash-en i "premie"... Kjempekjekt! :) Denne er kjempegod, anbefalast på det sterkaste! :)



No skal eg hoppe meg i dysjen, straks skal eg og husbonden på ein aldri so liten date, rett og slett pleie forholdet litt! ...skal bli kos! :)

Ha ein koselig fredag folkens! :)


Klem Sheila! :)

onsdag 21. september 2011

Busstur...

Husbonden måtte ha bilen idag, og då tok eg bussen til jobb, ein koselig tur det! :)


Her sit eg på bussen...







So var eg klar for jobb, vi har nyst hatt Shiseido-kampanje, med etterfølgande kampanje med fokus på Artdeco og diverse dufter, no ryddar vi borda for å sette litt fokus på hærlige Biotherm og YSL... :)
Kosar meg på jobb! :)




Vi har også fått ei ny duft frå Lancome; Tresor Midnight Rose, ei parfyme som omtalast som sprudlende, sensuell og forførande! :)






Idag fekk eg lyst å vere litt fresh på neglene sidan eg var svartkledd frå topp til tå, då landa eg på denne spreke fargen frå Dior, Aloah nr 638! Lekker! :D





Slik blei det! :)




Sidan eg har våre litt pjuskette siste dagane, måtte eg på butikken idag-tidlig å kjøpe mej halsdrops, desse Dent-halspastillane er kjempegode! :)





Biotherm-bordet som eg laga til idag, vi har fått ein nydelig body-cream frå Biotherm i krukke til fantastiske 165 kr. Og ved kjøp av ein dagkrem i Biotherm får man 100 ml body-lotion på kjøpet! :) Heldige kundane våre! :)



Med desse bilda tek denne husmora kveld! :)


God natt!


Sheila

tirsdag 20. september 2011

Litt av kvart...

Her kjem ei oppsummering frå dei siste dagane... :)



Eit måltid! :)




Lillemor har hjelpt meg å pakka inn ein pakke...



Lillemann tek bilde av meg i bilen mens vi køyrer over Eiksund-brua! :)




Her er den søte lillemannen min i Volda sentrum, vår å kjøpt oss bollar! :)




Stoppa i ein kjekk barnehage å leika oss! :) Her er lillemor! :)




Klatremusa vår! :)




Likar å leike meg eg også! :)




Storebror slengar seg! :)




Vi var på sjukehuset å besøkte mamma/mormor! :)




Her er vi heile gjengen i sjukesenga til mamma... Alle har mala fine teikningar til mormora si! :)





Pappsen har komt heimatt, å han har teke med gutane på krabbefiske, det er stor stas! :)





På søndag var det fotbellturnering på heimebane, det var kjempekjekt, dei vann to og tapte ein kamp... Vi hadde bestilt fint ver, og fint ver blei det! :)




Eg og lillemor sit på sidelinja å heiar! :)




Etter turneringa bar det rett i barneselskap, lillemor var visst litt trist på dette bilde...




Bursdagsjenta som fylde heile 3 år! :)




Avsluttar dette innlegget med eit tullebilde av meg og lillemann! :)



Ha ein fin kveld alle sammen! :)


Klem Sheila! :)


onsdag 14. september 2011

Ny duft i butikken...

På vei til jobb idag såg eg ein kjempefin regnboge, den kjem ikkje like godt fram på bildet her, men den er no der... :) Leitte opp kameraet å knippsa eit bilde av den! :)





Burberry har no komt med ei ny duft; Body!
Body er den mest feminine og sensuelle dufta Burberry nokon sinne har jobba med, den er sofistikert og delikat, lett og feminin, men mest av alt, unik! Den fanger essensen av Burberrys britiske arv med ein note aldri før brukt i ei duft; English rose...
Flakongen er grafisk med reine linjer som ein slipt diamant. Utrulig lekker! :)





Etter å ha våre ein snartur i kjellaren for å sette på ei maskine med klær, møtte dette synet meg då eg kom opp att, lillemor hadde nemlig fått tak i restane av ei eplekake, og gumla i seg for hand. Jaja, godt ho ikkje var nysteikt å eg venta gjesta! :)





Gutane som kosar seg i sofaen etter ei våt og kald fotballtrening! :)





Min godaste mann kjem heim frå sjøen imorga, og då er det ekstra kjekt å pynte opp stua med ein liten bukett roser! :)

Ha ein fin kveld alle! :)


Sheila! :)

tirsdag 13. september 2011

Barnesong og middag i kirka! :)

Annankvar tirsdag et vi middag i kirka! :) ...då er det nemlig barnesong, å då startar vi med deilig middag frå hotellet før vi tek til å synge å høyre på bibelfortellingar, veldig koselig! :)



Idag fekk vi servert gryte av lam trur eg det var, vi fekk poteter og salat til. Her på bildet sit eg, lillemor, lillemann og prinsessa til venstre er fadderjenta til meg og husbonden, ho fylde 3 år idag! :) Hipp hipp hurra! :)



Her synger vi om Noahs ark! :)




Kveldskos for meg sjølv! :)

No har ungane lagt seg og det er stilt i huset, då brukar husmora å leite fram noko godt frå godteri-skapet, idag blei det potetgull og salte laban... Nammenamm! :) (dårlig uvane)





Levandes lys gjer stemninga litt koslig sjøl om eg sit her åleine...
No er det forresten berre 2 dagar til min kjære kjem heim frå sjøen etter snart 5 veker vekke, det skal bli godt!!! :D Saknar han so mykje! Skal også bli godt å vere to igjen om å få kvardagane til å gå opp...! :)




Måtte berre ta eit bilde av den skjønne jenta mi som ligg å søv so godt! Ho elskar alle bamsane sine, helst skal heile senga vere full av dei! Her har ho 4 stk rundt seg... :)





Ja, bildet talar eigentlig for seg sjølv! ...på tide å ta ei skikkelig opprydning før husbonden kjem heim?? ...denne kråa vart plutselig lillemor`s leikekrå, og det er greitt det, sidan ho enda ikkje har fått sitt eige rom, men når eg i tillegg brukar den til å tørke klær, legge sammen klær, storebror gjer leksene sine der (på ein pult som ikkje viser på bildet...) kan det plutselig bli litt trangt om plassen både for den eine og den andre, jaja, trur eg skal ta det imorga, no blir det enda meir sofa-kos! :)



Ha ein fin kveld alle sammen! :)


Sheila! :)