tirsdag 29. juni 2010

Velkommen!

Knaggerekka som heng i gangen og ønskar alle våre gjestar velkommen!
Pynta med ei lykt, eit koslig hjerte som eg har fått av mora mi, og to av mine mange perlekjeder! :)

Slik ser gangen ut i kveld...

Ny fiskestang!
Sjå berre kor fornøgd han er... :)
Gutane sit på stranda og ventar på at fisken skal bite på! :) ...det gjorde den til slutt, og det vart steikt kræde til kveldsmat! :) Gutane var stolte som hanar! :)
Eg og lillemor var sjølvsagt også med! :)
Nye sko!
*Bling Bling*
Fann desse skjønne sandalane på -30% på Bianco, og greidde sjølvsagt ikkje gå forbi! :) Monge av sommarens nye sandalar til minus 30 % var ikkje verst, dei måtte berre gjere det slik sa dama bak disken, sidan det ikkje har vore det store sandalveret, og salget deretter. Snart kjem haustens varer (deprimerande å tenke på forresten...) og sommarvarene må ut, so eg anbefalar dokke å ta turen innom Bianco, for billige sommarsko! :)
Husbonden fekk seg også nye sko, dei er frå DNA sko... :)
Ønskar alle ein fortsatt fin tirsdags-kveld! :)
Sheila!

søndag 27. juni 2010

Kjøkkenet vårt Før- og etter...

Kom over desse bilda på datamaskina til husbonden, å tenkte at eg måtte dele desse med dokke, vise kor stor forandring litt maling, fliser, ny benkeplate og knottar kan gjer!


Her er kjøkkenet slik det var! Forferdelig!
Storebror for eit par år sidan... likar å hjelpe mamma og pappa på kjøkkenet! :)
Grusom blå og raud-farge, kunna det vår verre??


Verste er at slik hadde vi det i 6 år... Når vi kjøpte huset, flytta vi inn utan å gjere noko, tenkte å ta det etter kvart, vi mala fyrst stua, så vart eg gravid, då var det berre å legge malinga på is... Når lisje-prinsen var 8 mnd, vart eg gravid igjen... :) Etter det, har det våre litt fram og tilbake med ting vi har gjort, prioritert ting som har måtta takast! Pussa opp barnerommet, gjort litt i kjellaren, der vi leiger ut leilighet, osv... So var det eit år med bryllaupsplanlegging, deretter bryllaup med etterfølgande graviditet, -igjen! :) Men då tok vi å flytta på loftet, for no var det liksom nok, desse bilda talar no for seg sjølv... hehe... Mens vi budde på loftet å venta på lisje-mora, pussa husbonden opp hovudetasja; stue, spisestue, kjøkken og inner-gang! (yttergangen står snart for tur) Det var HÆRLIG å kome oss ned igjen til lyse og trivlige rom! :)


Her kjem nokren etter-bilder av kjøkkenet... :)





Nokren detaljebilder frå kjøkkenet...





Med desse bilda frå mitt kjøkken før og etter, ønsker eg dokke ein strålandes mandag! :)

Klem Sheila! :)

fredag 25. juni 2010

Endelig! :)

No har endelig husbonden komt heim att! :D Gutane har forberedd seg i fleire dagar, perla former som vi har strykt, plukka blomster, teikna og laga kort til han! :)
Endelig har det gått 6 mnd sidan vi mala stuene og innergangen, vi mala med miljøvennlig maling, og etter at ein har mala med slik maling, skal ikkje man tenne lys, telys/stearinlys på eit halvt år, pga at man kan få "heksesot", då lagar det seg stygge aske/sot-flekkar på veggane, spesielt i alle hjørner, og det er bortimot umulig å vaske bort. Og vi aktar ikkje å male opp att enda ein gong, so vi har holdt denne regelen, og ikkje tent eit einaste lys sidan før jul! Det etterlengta levandes lyset vart tent i kveld! I ei lykt som heng på knaggen i spisestua! :) Rart kor man saknar slike små detaljar, men levande lys er no berre sooo kos da! :)









Jonsokkfeiring! :)
På jonsokk slo vi oss i hop med eit vannepar, for på stranda og grilla, gutane fekk vasse/bade, ride på hest, leike og vi storkosa oss! :)
Det var visst nokon som hadde bestilt sommar-ver også til dagen, so det var hærlege temperaturar, sol og alt var berre skjønt! :)





Ønsker alle ein triveleg fredag, eg skal kose meg saman med min kjære! :)
Klem Sheila! :)

mandag 21. juni 2010

Besøk og ny rett på menyen... :)

Heisann! :)
Idag har vi våre ute store delar av dagen, med deilig temperatur, og sol, måtte vi berre nyte det! Vi har hatt besøk av sonen til ei venninde idag, sidan han har skulefri, og ho måtte jobbe, og det synest gutane var kjempekjekt! :) Vi var på leikeplassen å reia oss og spelte fotball! Seinare kom lisje-tanta til ungane (mi minste søster) med bussen på besøk til oss, ho skal sove med oss inatt! Ho trilla lillemor, og gutane fekk igjen bli med ho ein tur på leikeplassen. Kosa seg skikkelig ilag gjorde dei! :)
Lillemor i reia si ute i hagen vår... :)
Tante i farta! :)

Her skal lillemor og tante på trilletur! :)



Spinatrett!

Har ei venninde som er frå Kossovo, ho har fleire gongar laga ein rett frå heimlandet sitt, som eg har fått smake på, eg likar den kjempegodt! Idag, endelig, skulle ho lære meg å lage denne gode retten med spinat, ris, steikt løk i masse olje og paprika-krydder, og eit krydder som ho kjøper på Asia-mat... Etter at alt er blanda, lagde vi mange hull i retten der vi helte egg i, eit egg i kvart hull! :) Steikte alt i ovnen i ca 10 min. Spiste det med kun rømme til, kjempegodt! Og ikkje minst sundt, med masse jern i! :) Ungane åt kjempemasse også, so dette skal vi lage fleire gongar! :) (etter at dei hadde ete opp, måtte alle kjenne på musklane deira, å sjølsagt hadde dei vekst!) :)


Mmmm... :)

No har eg og lisjesøster hatt litt kvalitetstid med lakking av negler på hender og føter, fletting av hår, og film-sjåing... :) Kos! :)

Ha ei fin veke alle sammen! :)

Klem Sheila! :)

søndag 20. juni 2010

Bursdagsfeiring!

Heisann! :)

Idag har det våre nydeleg ver, plutselig kom sommarfølelsen vi lenge har venta på! Håpar dette varer!!! :) Gutane har teke ferie frå barnehagen også no, so no ventar vi berre på at pappsen skal kome heim so vi kan fare på tur! :)
Besta fyllte 82 år idag, og det måtte sjølvsagt feirast! :)
Her sit ungane mine saman med oldemora si! Dei hadde laga fine kort til henne, og perla fine former som vi strauk, besta vart sjølvsagt kjempeglad! :) Ellers fekk ho også ei fin skål, og eit perlekjede med oss, som ho også vart kjempeglad for! :) Besta hadde laga bløtkake, sjokoladekake, vannbakkels, ellers andre småkaker, jordbær og piska krem, typisk sunnmørsk kakebord! :) Mmmm, kor vi kosa oss! :) Tanta mi, onkelen min og søskenbarnet mitt var der, søstra mi og sonen hennar, som forøvrig også var på middag hos oss idag... (kyllingfilet, ris, salat og fransk kyllingsaus, som eg sjølsagt glømte å ta bilde av...) Ei venninde av besta var også der og pappsen min, so det var eit hyggelig selskap! :)


Her sit lillemor i jordbær-kjolen sin! :)


Eg, besta og ungane! :)


Oldemor hadde maaange gulldyr like ved hagen sin, og det var spennande det, dei fekk kvar sin plastkopp å samle i... Resulterte sjølvsagt i at dei blei tekne med inn i husvarmen, og etter få uoppmerksomme augeblink, måtte vi alle ned på kne å fange alle dei som hadde stokke av... Besta kom med moppen sin og slo laust, "er her fleire no, lever dei iallefall ikkje..." sa ho fornøgd! :) ...veit råd ho besta! :)
Laurdagskos!
Sjølv om eg og gutane er heime åleine, må vi alltid markere at det er laurdag! Då lagar vi god mat som vi et i stua, det synest dei er stas, for det er berre ein "laurdagsting"... :) Gårsdagens kveldsmåltid var taco! :) Litt lenge sidan vi hadde det no, so det smakte godt! :) Her sit alle tre skattane på rekke og rad, eg er verdens stoltaste, rikaste, heldigaste mor på jord, elskar desse skjønningane meir enn ord kan beskrive!!!
Ha ein fin søndags-kveld folkens, no er det natta på meg! :)
Klem Sheila! :)


fredag 18. juni 2010

Danseløva mi...

Hei igjen... Var ikkje meininga å legge inn plutselig to innlegg på ein dag, "so stille sooo lenge, so slår ho plutseleg til med to innlegg på ein og same dag"... hehe... Neida, fekk berre ikkje til å legge ved videoen etter at eg hadde lagt inn bilda, veit ikkje kvifor...



Hadde berre so lyst å legge ved dette klippet av danseløva mi som "rockar" innimellom ryddinga av rommet sitt, når brorane ryddar rom, er det musikk- og dansefaktor delux! :) ...storebror stakk då han såg kameraet... :)

Klem Sheila!

onsdag 16. juni 2010

...late dagar!

Heisann! :)

Då er det ei stund igjen sidan siste innlegg, eg veit at eg ikkje er verdas mest trufaste med inlegga mine for tida, og i tillegg er det fint lite om interiør, mat også for so vidt, eg er litt treig med å ta bilder for tida, kjem på det etter måltida er oppetne, og det er no kjekkast å ha bilde å vise til oppskrifta.

Og på interiørfronten, skjer det lite her heime... Ingen ommøblering, ingen nye pynteting osv, håpar på at arbeidslysta/overskuddet kjem med sommaren, når den ein gong kjem! :)
Var i helga på RG-oppvisning med søstra mi, ho er so flink! ...har lyst å legge ved eit par bilder frå dagen... :)


Her er alle turnarane... Dei dansar rytmisk gymnastikk, veldig kjekt og fint å sjå på! :)


Lillemor synest også det var kjekt å sjå på! :)

Tre kjekke karar som kika på jentene som dansar! :)

So til eit nytt kapittel: uskuldige lillemor har no blitt ei lita fantehøne! :)

I dag har ho gjort to "fantestrekar" ... hehe... :)

Fyrst fann eg henne inne på badet der ho hadde ete på den grå augeskuggen min!


Ikkje lenge etter fann eg henne på soverommet vårt, der ho hadde drege ut alle kleda til gutane i dei to nederste hyllene, berre sjå på gliset kor fornøgd ho var! :) Søta mi! :)

Ønskar alle ei god helg! :)

Klem Sheila! :)

lørdag 12. juni 2010

Innhaldsrik dag! :)

Idag har vi kosa oss saman eg og ungane, har våre litt her og litt der idag, fyrst tok vi oss ein tur opp til min pappa og mi farmor, der leika ungane seg, besta leita fram kringle og ferske bollar, kaffi og litt snop til gutane -sidan det var laurdag (poengterte besta) :)
Etter det, for vi vidare på besøk til søstra mi og sonen hennar, fekk oss kaffi og litt kjeks der også! :)
So vart det ei handlerunde, og heim for å stelle i stand eit måltid, på menyen idag var det grillbiff, choritzopølse, potetbåtar, salat og bernaise-saus! Mmmm....
Svigerinda mi kom å fekk seg mat saman med oss, og ein oldefar kom innom seinare på kvelden og fekk seg litt restar! Koselig! :) Hærlig og innhaldsrik dag! :)
Fekk lyst å skrive ned nokren dikt i kveld! :)
Kjærligheten gir ingenting annet enn seg selv,
og tar ingenting annet enn seg selv.
Kjærligheten eier ikke og kan heller ikke eies;
for kjærligheten er nok i seg selv.
Den skjønneste
blomst på jorden,
er smilet!



Vend ansiktet mot solen,

så ser du ikke skyggene.

Lykke!
Hva er lykke?
-Gå på en gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær,
klø sine ferske myggstikk
med doven ettertenksomhet
og være ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet.
Å få et florett spindelvev
som kjærtegn over munn og kinn
og tenke litt på vær og vind.
Be prestekravene om råd
og kansje ja - og kansje nei-
han elsker ikke - han elsker meg!
Sterkere er den kjærlighet,
som vekkes av lengsel,
enn den som holdes våken av erindring.

Ha ein fin laurdagskveld!
Klem Sheila! :)