Heia! :)
Idag har det våre nydelig ver, har hive ut teppa og alle dynene til lufting, skifta på sengane til gutane, og mala litt på prosjektet mitt! :)
Har også hatt kvalitetstid med lillemor idag sidan gutane har hatt barnehagedag! Eg og lillemor trilla oss ein tur på bruktbutikken, utan fangst idag, men koslig berre å kike også! :)
På blomsterbutikken derimot fant eg potter med påskeliljer, som eg lenge har gått å tenkt på at eg skulla hatt...
Denne korga som påskeliljene står i, kjøpte eg også idag! ...passar til lykta som står på trappa! :)
Måtte ha litt påske-stemning inne også! :)
Gutane har mala påske-egg, til no har dei mala to kvar, men fleire skal det bli, kansje vi får lage pannekake imorga...? :)
Litt "omplassering" av pynt i stua...
På menyen idag stod det Fiske-suppe!
Fiskesuppe!
400 g torsk/sei
1-2 gullerøtter
1 løk
1 purre
10 dl fiskekraft
4 ss smør
4ss kveitemjøl
2 dl mjølk
0,5 dl rømme
1 ss grasløk
Lag jevning av smør og mjøl, og spe med kraft og mjølk, kok grønsakene møre i suppa. Del fisken i bitar, og ha den i suppa, la den trekke til den er kokt, ca 10 min. Ha så i rømma, få eit lite oppkok, og strø over grasløken og server! :)
Lettvindt! :)
Vi hadde brød til idag! :)
Har også våre på Bodypump idag, det kjem eg vel til å kjenne imorga, tenker eg! :)
Ha ein fin kveld folkens! :)
Klem Sheila!